Tapte valet – held fram som ordførar

Jan Helgøy (KrF) tapte valet i Vanylven, men held fram som ordførar.
Valg 2011

Ordførar Jan Helgøy og KrF gjekk sterkast tilbake i valet i Vanylven, men klamrar seg likevel til ordførarstolen med hjelp frå Arbeidarpartiet og Høgre. Den store valvinnaren – Senterpartiet med varaordførar, ordførarkandidat og Rovdefjordbru-forkjempar Magne Løvoll i spissen – gjorde sitt beste val sidan EU-valet 1993, auka med 8,2 prosent og vart Vanylven sitt største parti. Likevel opplevde Løvoll og Senterpartiet å verte skvisa, og misse varaordføraren.

- Eg er veldig skuffa, ikkje for min eigen del, men av omsyn til veljarane i Vanylven, seier avtroppande varaordførar Magne Løvoll.

Han har fått mange tilbakemeldingar frå skuffa veljarar.

- Fleire yngre veljarar har sagt at dei ikkje vil røyste meir. Eg tolkar vår store framgang som eit resultat av kampen eg og partiet har ført for Rovdefjordbrua, den aller viktigaste saka for framtida i Vanylven, seier Løvoll.

Kva meiner du om ordførarsituasjonen i Vanylven? Bruk kommentarfeltet!

Svekker trua på demokratiet

Han låg an til å bli ordførar i 2007, men steppa til side til fordel for Helgøy.

- Eg gjorde det av respekt for at Helgøy hadde fått så mange personrøyster. Denne gongen har det visst ikkje blitt tatt slike omsyn, seier Løvoll, som meiner slikt som dette svekkjer folk si tru på demokratiet.

- Eg skjønar godt at Løvoll og Senterpartiet er skuffa. Men han har ikkje grunn til å meine dette svekkjer demokratiet, kommenterer ordførar Jan Helgøy.

Godt samarbeid dei siste åra

Han registrerer at Senterpartiet vart største parti og Løvoll fekk seks fleire personrøyster enn hans sjølv.

- Går de på tvers av folkeviljen?

- Nei, Løvoll har drive politikk så lenge at han veit at det handlar om å kome fram til ein fleirtalskoalisjon. Og det har vi gjort, saman med Arbeidarpartiet og Høgre. Og Rovdefjordbrua er det tverrpolitisk semje om at vi skal arbeide vidare for, seier Helgøy, som understrekar at han har hatt eit godt samarbeid med varaordføraren dei siste fire åra.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Valg 2011