Thorbjørn Fylling (Frp) har vore ordførar i Ørskog sidan 2007. Fylling blei då valt ved direkte ordførarval som var ei prøveordning for å oppmuntre til høgare valdeltaking.

Fylling blei attvalt i 2011. Frp fekk då over 30 prosent av stemmene i Ørskog, og Fylling stilte til attval i år, men det gjekk nok ikkje som han hadde håpt. Denne gongen fekk Framstegspartiet 24 prosent. Det er ein tilbakegang på 7,2 sidan sist.

Mange meinte Karen Simonnes Aanes (Ap) var den sterkaste utfordraren til ordførar-vervet. Arbeiderpartiet gjekk fram med 0.5 prosent til 23,7 prosent, og dermed er Simonnes Aanes framleis ein kandidat.

Men dei som fekk flest stemmer denne gongen var felleslista for Ørskog KRF og Ørskog Venstre. Dei fekk 24,4 prosent.

Det gjer at Ap, Frp og Krf/Venstre får fire representantar kvar i kommunestyret.

Gert Rietman og Senterpartiet fekk 13 prosent, ein tilbakegang på 7,3 prosent.

Både Ap og Sp har hatt fire representantar i kommunestyret, medan Frp har hatt fem.

<strong>Sentralt:</strong> Ordførar Thorbjørn Fylling i Ørskog som vurderer å bruke området ved gamlerådhuset til praktiske bustader for eldre folk. ARKIVFOTO