Framstegspartiet med Knut Erik Engh i spissen gjer eit brakval og kaprar to mandat i det nye kommunestyret i Ulstein. Høgre vert den store taparen med ein tilbakegang på 10 prosent og må gje frå seg tre plassar i kommunestyret. Også det tredje store partiet - Arbeiderpartiet - misser eit mandat.

Høgreordførar Jan Berset (71) avsluttar no ei lang politisk karriere i Ulstein. Denne gongen ser han tilbake på fire år i ordførarstolen, men han var også kommunens øvste politiske leiar i perioden frå 1995 til 2003.

Høgre har siste perioden vore det desidert største partiet kommunestyret og stiller no med Heidi Strand som ordførarkandidat. Ho vert utfordra av Magne Grimstad (Ap), noverande varaordførar Knut Erik Engh (Frp), Steinar Torvik (KrF), Pål Grøndal (V) og  Lisa Mari Breivik Anderson (Sp).