Senterpartiet og ordførarkandidat Geir Inge Lien har gjort eit meget godt val i Vestnes. Faktisk har dei tre partia som følgjer, Høgre, Arbeiderpartiet og Framstegspartiet, alle gjort dårlegare val enn dei gjorde ved førre kommuneval.

Dermed har Senterpariet fått ein kraftig forsterka posisjon.

Høgre gjekk tilbake med 8,7 prosent til 11,7 prosent, Arbeiderpartiet tilbake 3,7prosent til 11,3 prosent medan Framstegspartiet har gått tilbake med fem prosent til 10,3.

Geir Inge Lien (Sp) har vore ordførar i Vestnes sidan 2011. Venstre, Arbeiderpartiet og Senterpartiet danna den gong koalisjon.

I sonderingsrunda var det KrF, Senterpartiet og Venstre som holdt på, men KrF gjekk over til å støtte Frp og Høgre.

I perioden 2009 til 2013 var Lien Senterpartiet sin fjerde vararepresentant til Stortinget for Møre og Romsdal, og foran stortingsvalet 2013 var han nominert på andreplass.

43 år gamle Lien har vore populær som ordførar i Vestnes.

Martin Kjøpstad (V), Stig Holmstrøm (Ap), Anne Marie Fiksdal (Frp) og Randi Bergundhaugen (H) er blant dei sterkaste utfordrarane i år.

ORDFØRARKANDIDAT: Geir Inge Lien vil gjerne verte ny ordførar i Vestnes.