Det vart klart torsdag kveld då Arbeiderpartiet, Felleslista KrF/V, Senterpartiet og Høgre vart samde om ein avtale som femner om fordelinga av de viktigaste verva.

Avtalen inneber også at Geir Aure frå Felleslista V/KrF blir ny varaordførar.

Dette lovde politikarane i Ørskog før valet

Thorbjørn Fylling (Frp) har vore ordførar i Ørskog sidan 2007. Fylling blei då valt ved direkte ordførarval som var ei prøveordning for å oppmuntre til høgare valdeltaking.

Fylling blei attvalt i 2011. Frp fekk då over 30 prosent av stemmene i Ørskog, og Fylling stilte til attval i år, men det gjekk nok ikkje som han hadde håpt. Denne gongen fekk Framstegspartiet 24 prosent. Det er ein tilbakegang på 7,2 sidan sist.

Slik blir kommunestyret i Ørskog

Karen Simonnes Aanes vert vald til ny ordførar i Ørskog.