– Prognosane vil ha det til at det blir ganske fint neste veke, med stigande temperaturar, 20 til 25 grader og ganske fint sommarvêr, seier vakthavande meteorolog Geir Ottar Fagerlid til smp.no.

Så langt fram i tid er prognosane usikre, men det er særleg frå tysdag at det er håp om bra vêr.

Sjå oppdatert vêrmelding på yr.no.

Det betyr definitivt at regnet, stormen og snøen i fjellet som er meldt denne veka er forbigåande.