Det snør på toppane

I dag kan det kome mykje snø i fjellet.
Været

Skyene ligg fleire stader tett over sunnmørsfjella, og der snør det. Fram til torsdag morgon er det meldt mellom 10 og 30 mm nedbør på toppane i form av snø, ifølgje yr.no. Det betyr i praksis 10-30 cm nysnø.

Sjå bildeserie over med bilde tatt i dag. Merk cruiseskipet i bakgrunnen på det eine bildet.

Trollstigen på fylkesveg 63 er open for trafikk igjen, men det er framleis fare for glatt vegbane, melder Statens vegvesen. Vegen opp til Dalsnibba (1.500 moh) var tidlegare i dag stengt på grunn av snø.

– No haglar det i Spjelkavika, fortalde Mona Skjong litt før klokka ni onsdag morgon.


Mulegheit for høgtrykk og sol neste veke

Denne veka blir vêret ufyseleg, men neste veke kan det bli både høgtrykk og sol, melder Meteorologisk institutt.

 Men det snur snart. For neste veke melder meteorologane om temperaturar på rundt 20 grader på Sunnmøre.

Del gjerne bilde med Sunnmørspostens lesarar.
95400400 || 95400400@smp.no

Kraftig regnbue med enden på Gåsholmen og Seilerhytta til Ålesunds seilforening. Bildet tatt fra Klokkersundet onsdag formiddag.  Foto: Staale Wattø