Førre veke ville ikkje meteorologen seie noko sikkert om vêret frå onsdag til søndag. No er det sikkert:

– Det ser veldig bra ut, seier Martin Granerød ved Vervarslinga på Vestlandet.

Frå og med onsdag ettermiddag er finvêret tilbake.

– Torsdag er det litt usikkert, men i helga blir det klarvêr og mykje sol, seier han.

Minusgrader

Samtidig kjem kuldegradene.

– I helga blir det sikkert minusgrader også på dagtid i ytre strok, seier meteorologen.

Frå tysdag reknar han med at eit lågtrykk tar over igjen på verfronten.

Opnar Trollstigen

Måndag føremiddag var fylkesveg 63 Trollstigen stengt etter snøvêret dei siste dagane. Vegen vart opna igjen måndag klokka 12.

Søndag vart også strekninga Geiranger-Langvatn på fylkesveg 63 opna igjen.