Fredag føremiddag skin sola ute ved kysten. Men ut over dagen er det venta pålandsvind og snøbyger, med ein del vind frå nordvest, opptil liten kuling på kysten.

Laurdag føremiddag ser ut til å ikkje bli så verst.

– Det blir minkande bygeaktiviet fredag kveld. Og fram til midt på dagen laurdag blir det opphaldsvêr og ganske greitt, seier meteorolog Frode Hassel ved Vervarslinga på Vestlandet.

Laurdag ettermiddag vil det auke på frå sør med eit nytt nedbørsområde. Det blir sludd og snø dei fleste stader. Seinare går det over til regn i låglandet, fortel meteorologen.

– Søndagen er det litt betre igjen med opphaldsvêr, mildare, og ikkje så mykje vind heller, seier Hassel.

– Kjem vi til natt til måndag er eit nytt nedbørsområde, sjølvsagt, på veg. Så når de vaknar opp måndag morgon, er det ein del regn. Ein må eit godt stykke til fjells, 7–800 meter, for å få snø, seier meteorolog Frode Hassel.