Varselet for 17. mai-vêret blir betre og betre

Spesielt varmt blir det ikkje, men du treng ikkje regnfrakk på nasjonaldagen.

Vêrkart for 17. mai klokka 09. Kart: @meteorologene 

Været

Etter fleire dagar med usikre vêrvarsel er meteorologane temmeleg sikre: Det blir opphaldsvêr 17. mai.

– Vi har vore usikre på vêrfronten som passerer over Sør-Norge 16. mai, om det blir meir nedbør i etterkant. No ser det ut som at dette er avklart, seier meteorolog Haldis Berge ved Vervarslinga på Vestlandet.

– Spørsmålet no er kor tidleg på dagen nedbøren gir seg, seier ho.

Først ved kysten

– Det ser ut som at ytre strok av Sunnmøre får opphaldsvêr frå i 8-9-tida på morgonen, seier Berge.

– I indre strok gir nok regnet seg i løpet av føremiddagen.

Nedbør 16. mai

Ettermiddagen før kjem det inn litt regn. Om kvelden blir det liten til stiv kuling frå sør utsette stader på Nordvestlandet.

Møre og Romsdal får saman med Trøndelag dei høgaste temperaturane i landet.

Natt til 17. mai minkar vinden. Om morgonen minkar også nedbøren.

– Det er ikkje heilt sikkert når nedbøren gir seg, men det blir i alle fall ganske så bra vêr frå om ettermiddagen, seier Haldis Berge.

Arkiv.