– Dette er klassisk bygevêr der alt kan snu på sekund.

Det seier vakthavande meteorolog Geir Ottar Fagerli ved Meteorologisk institutt.

Å stå opp, sjå ut av vindauget, vurdere vêret og planlegge utendørsaktivitetar – det kan ein berre gløyme. For i den eine augneblinken er det sol, i den neste kraftige regnskurer. Og skurene er kalde. Det trass i at dei kjem frå sør.

Fagerli forklarer korleis dette heng saman:

– Luftmassar frå det sørlege Europa blandar seg med kjølig, maritim luft.

Og det er den kalde havlufta som gir alt regnet.

Les også: Åkerneset våtest i sommer

Men temperaturen vil stige. Norvestlandet vil få meir av den varme lufta frå kontinentet og mindre av den kalde, maritime lufta.

– På tysdag kan vi vente 18–20 grader, og langt høgare nattetemperaturar enn det vi har no, seier Fagerli.

Vi kan altså vente full pakke dei neste dagane, med stabilt ustabilt vestlandsvêr, men altså høgare temperaturar.