Sjå videobeviset

Her vert fisken hivd på sjøen

Kystvakta si drone filma fisk som vart hivd på sjøen frå garnbåten «Kato» frå Sandøy.
Video Nyhet

Skipperen har fått eit førelegg på 15.000 kroner for dumping, medan rederiet har fått eit førelegg på 50.000 kroner etter at Kystvakta si drone filma fisk som vart hivd over bord under torskefisket utanfor Røst i mars. Det er fleire opptak over to dagar, og kvar av opptaka viser 2-3 fiskar som kjem ut ei luke frå båten.