For å kome seg tilbake i kampform før haustsesongen tok Hødd imot serieleiaren i 3. divisjon, Herd, til ein treningskamp i kveld.

Og sjølv om det er to divisjonar mellom klubbane, var det liten skilnad på laga når dei møttest på banen.

- Kampen var nok lettare å motivere seg til for våre gutar enn for dei, som også er ein viktig faktor. Vi kan ikkje gjere noko anna enn å gjere vårt beste, seier Herd-trenar Amund Skiri.

Og godt gjorde laget frå Moa det i opninga.

Tre kjappe

Vegard Bruland hadde ei god heading allereie etter sju minutt, før Jonas Ingebrigtsen følgde opp med eit godt frispark tre minutt seinare. Begge forsøka bleir redda av Hødd-keeper Ole Monrad Alme.

Men, som uttrykkjet seier, så er er alle gode ting tre. På Herds tredje forsøk i kampen fekk Bruland gjere som han ville i Hødds 16-meter og heada inn eit hjørnespark før kampen var 12 minutt gammal.

- Det var litt kaotisk i den første omgangen og vi stressa litt for mykje, i staden for å vere tolmodige og få folk på plass, seier Hødd-trenar Steinar Lein om opninga av kampen.

Stolpe, stolpe, straffe

Hødd kom derimot sterkare tilbake. Eit perfekt innlegg av tidlegare AaFK-spelar Hugues Wemangomo  fann vegen til ein høgtflygande Joachim Magnussen, som stonga ballen kontant i nettet.

Like seinare var spissen frampå igjen, men fekk ikkje styrt avslutninga si på mål.

Etter sidebyttet var Hødd litt meir dominerande i kampen, og innbytar Michael Karlsen var berre ei kanonredning av Herds keeper unna å setje inn 2-1 tre minutt ut i omgangen.

Og då Herd-spissen Ingolfur Kristiansson missa eit straffespark etter timen spelt klarte Hødd til slutt å snu kampen i sin favør. Herds innbytarkeeper Eric Solheim gjorde først ei god rening, men på returen var Didrik Sereba nådelaus og hamra inn 2-1.

- Gutane leverte

- Dei hadde nok kampen mot KBK i hovudet sitt, og var nok ikkje på sitt aller beste. Men eg synest gutane leverte, seier Skiri til smp.no, vel vitande om at prestasjonen i kampen var betre enn det resultatet skulle tilseie.

Også Lein var nøgd med å få ei gjennomkøyring før KBK-kampen komande tysdag, sjølv om han gjerne skulle ha sett at prestasjonen var meir stabil gjennom heile kampen.

- Ein ønskjer jo at vi berre skal gå ut her og levere slik vi ønskjer, men det klarte vi ikkje heile vegen denne gongen. Men det var nyttig for oss å få ein kamp i beina igjen, sjølv om det svinga i pretasjonane, seier Lein.

Foto: Joakim Rødven