– Dette var kjempekjekt. Målet var å kome meg vidare frå uttaksrittet til finalen. Det klarte eg fredag. Men eg trudde aldri at eg skulle kunne finne finalen også. Kjempegøy, strålar Stine Sønderland Viken etter NM-gullet for juniorar i tølt (klasse T1).

Stine er 14 år, men fyller 15 i år. Ho representerer Vestnes islandshestforening og er busett i Brattvåg.

– Kva var vinnarformelen i NM, Stine?

– Hesten min Andvari gjekk veldig bra. Og så gav eg alt eg hadde sjølv også, seier den ferske norgesmeisteren, som deltok i NM for aller første gong.

UVENTA GULL Stine Sønderland Viken hadde aldri venta å ta NM-gull. Foto: Arild Haddal

Eit spesielt gull

Langt meir rutinert er Stian Pedersen, også han ryttar i Vestnes islandshestforening. 42 år gamle Pedersen er frå før av både verdsmeister, nordisk meister og norgesmeister. Men årets NM-gull i femgang (klasse F1) var ekstra spesielt for ringreven.

– Det var tre år sidan sist eg hadde tatt NM-gull. Og så var det jo ekstra kjekt å vinne på heimebane under eit så flott arrangement. Noko anna som er ekstra spesielt for meg er at eg vann med ein hest eg har avla, tamt og trena opp sjølv; Noi, fortel Stian Pedersen.

Kom inn bakvegen

Han var blant favorittane før NM. Men gullet – eller i fall vegen til finalen – vart sikra på dramatisk vis.

– Det er jo små marginar i denne sporten. Og i uttaket rota eg med tekniske ting under ein overgang. Dermed hamna eg i b-finalen laurdag. Og så er det slik at vinnaren av b-finalen får plass i a-finalen søndag. Det klarte eg, forklarer Pedersen, som vann suverent i sjølve a-finalen.

VM-klar

Vestnes-ryttaren kan no førebu seg på VM i Nederland i august, der han meiner topp ti eller kanskje til og med topp fem kan vere eit realistisk mål.

For Stine Søndeland Viken blir truleg ein haustcup i Tresfjorden det neste på programmet. Denne sesongen er den siste til Viken som junior. Neste år trur ho både det blir fleire konkurransar og meir reising i høve hestesatsinga.