Kull med samhald

Men no ser denne trenden ut til å ha snudd. Årets a-stall har til dømes fire spelarar fødde same år (1998) som har spelt på same lag sidan dei var seks år.

– Vi hadde eit veldig godt kull. Samhaldet var godt. Og alle likte å spele fotball, fortel Daniel Eid.

Han spelte seg inn på høgrebacken til sesongstart, men har vore ute med skade dei siste kampane. I yngre dagar var Daniel faktisk keeper.

– Eg tok over som keeper då Daniel slutta. Eg trur Daniel måtte slutte fordi faren gav beskjed om det. Han meinte Daniel kom til å bli for liten av vekst. Var det ikkje slik det var, Daniel, spør Sivert Pieroth retorisk.

Han er ein av fleire keeper-talent Hødd har fått fram gjennom fleire tiår. Det høver med å nemne at Daniel Eid ikkje er spesielt liten av vekst i dag.

Foreldretrenarar

Eirik Saunes minnest at han vart kjent med lagkameratane allereie før dei begynte på Hødd.

– Vi begynte å trene i lag også før fellestreningane starta for seksåringar. Eg vart kjent med Daniel då pappa var trenar på a-laget. Så gjekk eg i barnehage med Bendik. Sivert møtte eg i første klasse. Sidan det har vi vore gode kompisar og støtta kvarandre i tjukt og tynt, seier Eirik Saunes.

Den mest rutinerte av desse 98-modellane er Bendik Rise, som har spelt fast og truleg vore lagets beste spelar i år saman med Torbjørn Kallevåg.

– Alle fedrane våre var trenarar på ein eller annan måte opp gjennom åra, minner Rise oss om.

– Ein familieklubb

Han har nok ein poeng. Dei fire karane vi møter på Høddvoll er ikkje sønene til kven som helst. Daniel Eid er sonen til noverande Hødd-trenar og mangeårig stopparkjempe Sindre. Eirik er son av Hallstein Saunes, a-trenar i Hødd mellom 1999 og 2001. Fedrane til Sivert (Pieroth) og Bendik (Harald H.) spelte først og fremst for Hareid då dei var i noverande 2.divisjon på 80-talet. Men stopparen Einar var også innom Hødd. Og det skal nemnast at Bendik på morssida er barnebarn av den aldri kvilande æresmedlemmen i Hødd, Severin Myklebust.

– Eg synest det er bra at det no kjem opp mange frå Ulsteinvik. Hødd skal vere ein familieklubb der spelarane kjem herifrå og området rundt. Så får vi tole at det i tillegg kjem nokre forsterkingar utanfrå, meiner Daniel Eid.

– Aldri AaFK

Spørsmålet er om ein eller fleire frå denne kvartetten blir så gode at dei blir henta av betre klubbar.

– Per dags dato er 2.-divisjon ein fin arena for meg og fleire andre her. Hugs vi spelte for andrelaget i 3.-divisjon i fjor. Om no Hødd rykkjer opp innan eit par år, så er det god utvikling for oss. Men klart, alle oss må nok vekk frå 2.-divisjon om ikkje altfor lenge. Vi kjem til å bli for gode for det nivået, spår Bendik Rise.

At noko av det gamle rivaliseringa sit igjen blant enkelte er tydeleg når vi spør om dei kan vurdere å spele i AaFK på sikt. Ingen av dei fire kan tenke seg ein overgang dit, og aller mest bastant er Daniel Eid.

– Ikkje tale om, kjem det klart og tydeleg frå lysluggen.