Som startar om få dagar i Førde, og begge Ørsta-jentene har finaleplassar som sitt store mål.

Til no har storesyster Anita vore den beste av dei to, men no føler ho at 10 minutt yngre Torill er «uforskamma» nære ho. Og av og til forbi ho på resultatlista.

– Det er viktig for meg å vinne sysken-konkurransen, det legg eg ikkje skjul på, ler Anita. Og då må ho også slå storebror Trond Petter, som også er ein svært habil skyttar. Anita vart landsdelsmeister i felt tidlegare i år, og har eit mål om å gjere det bra på felt også i Førde.

Litt Ole Brumm

– Kva er målet i baneskytinga?

– Det er fyrst å kome til finalen. Og då må eg skyte 240-241 poeng, noko eg veit eg kan klare. Og har eg dagen, kan eg nærme meg prinsessetittelen, håper Anita, som roser «veslesyster» Torill.

– I år har ho hatt ein utruleg stabil og god sesong. Eg har tidlegare som regel vore betre enn henne, men i år har ho verkeleg tatt store steg. Og det er Torill einig i.

– Eg er ikkje langt bak Anita no, føler eg. Eg har trent mykje mentalt føre denne sesongen, pluss ein del kondisjonstrening. Det har tydelegvis hjulpe meg. Eg har vel omlag dei same måla som Anita før Landsskyttarstemnet, ein finale eller to hadde vore veldig artig å klare, meiner ho.

20 år på rad

I år er tvillingane med på  Landsskyttarstemnet for 20. gong på rad, og Anita har vore i to feltfinalar og tre banefinalar. Der er ho best i familien, men no føler ho seg ikkje trygg på at ho framleis held stillinga internt.

– Framfor stemna støttar vi kvarandre, men rett før vi skal i elden så gjeld det å fokusere på sine eigne arbeidsoppgåver, seier ho. Anita Lystad er også litt spent på om ho taklar «NRK-presset», som ho seier.

– Både eg og Torill skyt i klasse 5, og NRK har gjeve beskjed om at dei vil vise skytinga i denne klassa direkte på TV. Då gjeld det å halde hovudet kaldt, ler ho.

Anita og broren Trond Petter dreg sørover alt onsdag, dei skal og delta i eit Norgescupstemne i Sogndal komande helg som ei generalprøve på neste veke i Førde. Men Torill må jobbe denne veka, og kjem seg ikkje av garde før laurdagskvelden.

56 frå Søre Sunnmøre

Dei gler seg over at heile 56 skyttarar frå Søre Sunnmøre Skyttarsamlag er påmeldt til årets LS. Av desse knapt 20 frå deira eigen klubb, Hovdebygda og Ørsta Skyttarlag. Frå Sunnmør Skyttarsamlag kjem det heile 80 skyttarar til Førde, fortel leiar i Ålesund Skytterlag, Karl Tore Gjengstø.

– Vår eigen klubb har med 15 aktive, og det er ganske bra. Sjølv har eg ikkje dei store ambisjonane før LS, eg har hatt ein del år no der familien har vore hovedprioriteten. Men eg  bør kunne klare 240 poeng på bane på ein god dag, meiner han.

– Men elles har eg vel så store forhåpningar på felten, der eg trur eg kan gjere det bra. Han trur elles at dei beste resultata til Sunnmør Skyttarsamlag i LS vil kome frå dei yngre skyttarane.

– Det kjem ein haug med store talent fram no, og fleire av desse kan gjere det stort i Førde, voner Gjengstø.