Vi skal vere særs forsiktige med å legge press på ein alpinist som deltar i klasse U12, altså utøvarar som er fødd i 2006. Men faktum er at Frida Strandmann Kaldhussæter frå Stranda IL er eit kjempetalent med alpinski på beina.

Ho var best av alle i landet under alpinfestivalen for dei alliere yngste i Hallingdal sist helg. Dette rennet er det største i Norge med 5–600 deltakarar totalt sett.

Tre pallplasseringar

– Frida vart toar i super-G fredag, vann storslalåm laurdag før det var 2.-plass søndag i slalåm, kan Kristian Mork i Stranda IL Alpin fortelje.

Frå resultatlista ser vi at Frida frå Stranda kjempa hardt mot Maisen Holst Rasmussen, Stabæk. Det vert kåra ein samanlagtvinnar til slutt som får ein gullhjelm. Og den vart med attende til Sunnmøre for Strandmann Kaldhussæter. Avgjersla fall ikkje før i finaleomgangen i slalåm der sunnmørsjenta til slutt vann. I super-G vann Holst Rasmussen med 1.20,57 føre Kaldhussæter med 1.20,70, medan rollene vart bytta laurdag då Stranda-løparen vann med 1.54,98 føre Holst Rasmussen med 1.55,38. 3.-plassen i storslalåm gjekk til nordfjordingen Julia Felde, Haugen IL (Nordfjordeid), med 1.57,83.

Felde gjekk heilt til topps i slalåm sundag med 1.18,91 førre Kaldhussæter med 1.19,76.

Rennleiar

Kristian Mork er rennleiar for to renn på Strandafjellet denne helga. I dag skal finalen i vinterens krinscup avviklast med storslåm som disiplin. Sundag er det tradisjonen tru parallellslalåm som set punktum for den lokale rennsesongen, eit showrenn som alltid er populær hjå deltakarane.

– Tilhøva på Strandafjellet er framleis prima, det vil truleg verte mogeleg å stå på ski til langt ut i mai, trur Kristian Mork. Han kan stadfeste at deltakinga under krinscupfinalen vert noko mindre enn vanleg sidan påskeferien står for tur.

– Det er meldt vind laurdag og truleg må vi legge starten litt lenger ned enn det vi hadde tenkt på førhand, seier Mork.

Etter rennet sundag vert det utdeling av gåvesjekkar til dei tre beste i kvar klasse. 11 renn og 9 renn har vore avvikla i krinscupen, alt etter kvar for klasse ein deltar i.