Hovedlandsrennet blir i år arrangert i Storås skisenter i Stokke og Breimyrbakken ved Holmestrand.

I fjor blei det sølv og bronse på Skodjereite. Kombinertløparen hadde trua på førehand på at det kunne bli gull i meisterskapen for dei beste 15- og 16-åringane i landet.

– Eg visste det kunne gå bra om eg fekk eit godt resultat i hoppbakken, og det skjedde, seier Skodjereite til Sunnmørsposten.

Var 54 sekund bak

Etter hopprennet låg han på tredjeplass, 54 sekund bak leiaren Fredrik Eirinsønn Villumstad.

– Eg hadde eit svakt treningshopp, så eg var skeptisk før hoppkonkurransen. Men det gjekk veldig bra i begge omgangane og det såg bra ut før langrennet, seier han.

Les fleire sportsnyheiter på smp.no

Skodjereite visste det var fullt muleg å ta igjen dei 54 sekunda.

– Eg gjekk kontrollert frå starten av og visste frå tidlegare konkurransar at det skulle gå bra. Det tok ikkje så lang tid før eg var i leiinga.

– Veldig kjekt

Han gjekk fremst etter den fyrste runden og på den andre hadde han full kontroll og gjekk åleine. Gullet var eigentleg aldri trua: – Det var veldig kjekt, seier han.

Sigrid Flo Bødal frå Stårheim kom på 5. plass i skiskyting i J16-klassa i Hovedlandsrennet.