Dei siste  fem åra har Saudehornet rett opp arrangert eit løp for yngre deltakarar i Ørsta. I år med fellesstar og startpistol for dei om lag 80 borna som sprang fra hamna opp til flaggstanga i Skåla.

– Vi gledar oss til å komme i mål for å få medalje, seier veninnene Amalie Løvøy Brevik (6) og Mathilde Nupen Aarflot, like før start. Mathilde sprang også i fjor medan Amalie spring for første gong. Begge gledar seg like mykje til å få drikke og kjeks på toppen.

Siri Dahl er koordinator for Naturfestivalen og Saudehornet rett opp. Ho fortel at til tross for dårleg vervarsel er deltakinga god, og ho er nøgd med festivalen så langt.

Favorittsigrar

Thomas Berektet frå Eritrea sprang inn til siveren siger på Saudehornet rett opp. Han brukte 50 minutt og 47 sekund opp dei 1303 høgdemetrane til toppen. Heile fire minutt bak kom Ola Storlien frå Mjøsski, som sprang på tida 54,26.

Heller ikkje i dameklassa var det nokon overraskingar øvst på pallen. May Britt Buer sprang på 56,23.

Beste lokale løpar var Arve Rindal frå Eid, som kom på tredjeplass i herreklassa,