På veg til Sandnes deltok han i tre Norgescup-stemner på Sørlandet, og presterte fullt hus, 350 poeng, i alle tre stemna.

15-åringen som er siste års Eldre rekrutt gjekk heilt til topps i Froland, der han i konkuranse med resten av Norgeseliten tok gull med resultatet 350 poeng der heile 29 var sentrumstiarar.

I Imenes-stemnet gjentok han bedriften med fullt hus og her vart det andreplass og sølvmedalje.

Også i det tredje og siste Norgescup-stemnet i Kristiansand vart det toppresultat med 35 tiarblinkar som vart løna med bronsemedalje.

Ingen tvil om at ein av Sunnmøres største medaljefavoritter i årets LS, er i rute.

Men nivået er knalltøft, ikkje minst i klasse eldre rekrutt, så alt må klaffe om norgesmeisteren frå 2012 skal innfri forventningane.