Hødd fotball gjekk underskot med totalt 1,84 millionar kroner i 2016. Men dagleg leiar og økonomiansvarleg i Hødd Fotball, Kari Mette Sundgot, vil ikkje overdramatisere desse tala.

– Tala er ikkje bra, vi ynskjer aldri å gå i minus. Men nedrykket frå 1. divisjon ramma oss hardt, og det var også andre årsaker til at vi ikkje klarte å halde budsjettet, seier ho.

Mellom anna hadde Hødd fyrst skrive inntektene på spelarsalet av Fredrik Aursnes til Molde på 2016-rekneskapen. Dette ville ikkje revisor gå med på, og desse inntektene hamna på 2015-rekneskapen. Og i 2015 gjekk Hødd Fotball heile 2,3 millionar kroner i pluss.

– Vi sette opp fleire prognosar utover 2016, og vi visste tidleg at det gjekk mot eit underskot. Men vi hadde ikkje teke høgde for nedrykket, som gjorde at vi mista nesten 300.000 kroner i tilskot frå NFF.

Hans-Erik Eriksen vart sparka alt i april, slike saker er heller ikkje gratis for klubben.

– Kva med driftsutgiftene på nye Høddvoll?

– Der er vi heldig stilt. Takka vere gode samarbeidspartnarar har ikkje klubben utgifter på stadion dei fyrste fem åra, noko vi sjølvsagt er enormt takksame for, seier Sundgot.

Men ho legg ikkje skjul på at Hødd snarast må opp att i 1. divisjon, om klubben skal kunne halde fram med det kostnadsnivået Hødd ligg på no.

– Det er ikkje slik at vi MÅ opp i år, men på sikt bør vi halde til i 1. divisjon. Om vi ikkje klarer det, må vi innstille oss på eit atskilleg meir nøkternt tilvære, seier ho.

Tala for 2016 viser at Hødd i 2016 hadde driftsinntekter på 25,5 millionar kroner. Medan utgiftene viste seg å bli 1,84 millionar kroner høgre.

For 2017 har Hødd Fotball eit budsjett på 22 millionar kroner, noko som seier at klubben skrur att enkelte kranar. Personalkostnader for spelarane var på 5,9 millionar kroner i 2016, i år budsjetterer klubben med berre 3,9 millionar her.

– Vi har trufaste samarbeidspartnarar, sjølv om vi har ein liten nedgang her også. Men dette kjem av marknadssvingningar, ikkje fordi dei ynskjer å forlate oss, seier Sundgot.

Og med ein eigenkapital på 8,7 millionar kroner, seglar Hødd trygt vidare?