Det ble 1-3 til Byåsen mot Hødd, men Ole Monrad Alme hadde store forventninger før kampen.

– Det blir spennande å få ein sjanse igjen, og det blir min første A-kamp på nye Høddvoll. Eg håper det blir ei bra oppleving, seier 20-åringen til Sunnmørsposten.

Alme har vore ein uheldig keeper det siste året. Han skada seg i låret i mai i fjor, kom tilbake igjen, men slo skada opp igjen på hausten. No er 20-åringen tilbake for fullt.

– Han har jobba godt over tid for å komme tilbake. Det er snakk om ein keeper med eit stort potensial, seier Hødd-trenar Sindre Eid.

Rift i muskel i låret

Ifølge han har Alme vore skadefri halvanna månad.

– Eg er ikkje bekymra for at han har vore ute lenge. Han hadde eit godt innhopp sist mot Vindbjart.

Alme har spelt kampar for Hødd 2 i 4. divisjon i år, men utanom det har han ikkje spelt A-lagsfotball sidan 10. juli i fjor borte mot KFUM Oslo i 1. divisjon. Det er ei rift i ein muskel i låret som er årsaka til at Alme har vore lenge ute.

Kom gradvis

– Alle testar viser at eg skal vere kvitt skada no. Det er ei skade som kom gradvis, men eg forstod nok ikkje heilt kor alvorleg det var i byrjinga. Eg burde ha høyrt meir på kva kroppen sa, men det er noko eg har lært mykje av.

Men Hødd-keeperen har faktisk blitt klare igjen tidlegare enn det han hadde frykta.

– Eg fekk i oktober beskjed om at det kunne ta eit heilt år før eg blei bra igjen, så eg er glad for at det gjekk raskare enn det, seier Alme.

No er han klar for å kjempe med Urke om kven som skal vere førstekeeper framover. Urke har stått alle dei tidlegare kampane i år.

– Det handlar om å vise seg fram når ein får ein slik sjanse, slik dei ser eg er ein god keeper, seier 20-åringen.

Må slå Byåsen

Søndag ettermiddag er det Byåsen som er neste motstandar for Hødd. Det er eit lag dei må slå for å ha ein sjanse til å henge med i toppen, meiner Eid. Kampen kan du sjå direkte frå klokka 15.00 ved å klikke her.

– På heimebane skal vi slå alle laga i divisjonen, men Byåsen er eit tøft lag å møte. Dei taper sjeldan med meir enn eitt mål. Dei spelar mange jamne kampar, og dei har mellom anna slått Nest-Sotra heime og Egersund borte, seier Hødd-trenaren.