– Eg må ærleg innrømme at vi ikkje hadde venta å komme så langt i turneringa, fortel G19-trenar på Bergsøy, Frank Sverre Skorpen.

Kronerulling på sletta

Noko uventa var det at Bergsøy kom til bronsefinale mot KFUM-KAM. OSLO 1.

– Keeperen vår hadde bestilt billettar til eit sydenfly fredag morgon. Då vi kom vidare måtte han avbestille desse, seier Skorpen.

Heldigvis viste folk på Ekebergsletta seg frå si beste side.

– Vi måtte til med ei kronerulling blant publikum på sletta, slik at han fekk bestilt seg ein ny tur. Flyet går i kveld, fortel han.

Imponerte i Norway Cup

Årsaka til at Bergsøy ikkje hadde venta å kome så langt var resultata i juniorserien på Sunnmøre i år.

– Vi har ikkje gjort det så godt i serien i år. Vi har eit godt lag med gode fotballspelarar, men mange av desse spelar ofte på A-laget. Til Norway Cup blei alle spelarane med, seier Skorpen.

I cupen gjekk det rett veg for juniorlaget.

– Det er små marginar både i serien og på Norway Cup. Resultata våre viser at ein kan gjere det dårleg heime, men likevel komme langt i turneringa, seier han.

Tapte mot Oslo-lag

I bronsefinalen mot KFUM-KAM. OSLO 1. kom Bergsøy sitt G19-lag til kort laurdag morgon. Kampen blei spelt klokka 10.05.

– Vi tapte 4-0 i bronsefinalen. Vi har slått betre lag enn dette i turneringa, men vi tapte mot eit betre lag i dag, seier Skorpen.

For spelarane har den lange turneringa tatt på.

– I dag hadde vi berre ein spelar på benken grunna suspensjon og skader. Etter ei lang turnering var vi rett og slett tomme, seier trenar Frank Sverre Skorpen.