Strand er lærar ved Brattberg skule i Volda og aktiv i lokalpolitikken som kommunestyremedlem for Kristeleg Folkeparti i ei årrekkje.

– Eg har sagt frå meg attval til kommunestyret og går ut av lokalpolitikken frå hausten av. Det er ikkje foreneleg med den nye jobben eg vil få i Volda Handball og samstundes vere i kommunestyret, seier Håvard Strand.

Han har budd i Volda sidan 2003. Og vore ein av mange som har jobba dugnad for handballklubben dei siste åra.

Strand skal fullføre skuleåret som lærar ved Brattberg skule før han tek til for fullt for ein handballklubb som er den største i fylket med 360 aktive spelarar. Og som har eit damelag som vil attende til 1. divisjon så raskt som mogeleg. Dei rykka ned etter siste sesong, men er ubeseira i 2. divisjon avdeling 5 så langt. Og har stø kurs mot kvalifiserig for mogeleg opprykk.

Oppteken av breidda

– Damelaget er viktig, men eg synest breiddesatsinga er minst like viktig, seier 41-åringen som opphavleg kjem frå Bjugn i Sør-Trøndelag.

– Kvitfor ein dagleg leiar i 100 prosent stilling, styreleiar Arild Bakke i Volda Handball?

– Fordi det er naturleg for oss at organisasjonen skal vere eit hakk føre den sportslege satsinga. Vi ynskjer å bygge klubb og lag og det er ikkje mogeleg å drive på dugnad når vi har ei omsetning på fire millionar kroner og så mange lag i aldersbestemte klassar, seier Bakke.