Laima Bernataviciute har signert ny eittårskontrakt for Volda Handball, skriv klubben i ei pressemelding. Ho er ein av dei tydelegaste profilane i Volda Handballklubb og har vore toppskårar i ei rekke kampar.

At klubben i vår både rykka opp til 1. divisjon og mista trenar Alfred Örn Finnsson, har ikkje gjort interessa mindre for planane til stjernespelaren.

- For Volda Handballklubb er no den viktigaste brikka på plass med tanke på gode prestasjonar og resultat også i 1. divisjon, skriv klubben.

Kontrakten er semi-profesjonell og inneber framleis lønn frå klubben i kombinasjon med jobbtilbod frå to arbeidsgjevarar. Dermed greier Volda Handball å komkurrere med attraktive tilbod Laima har fått frå utanlandske klubbar.

Klubben framhever at Laima framstår som eit førebilete ikkje minst for yngre spelarar.

Volda Handball har enno ikkje fått endeleg svar frå målvakt Runa Vik og midtback Hilde Egset. Dette er lokale spelarar som begge er sentrale i dei vidare planane for klubben.

<strong>VIKTIG:</strong> Voldas landslagsspiller Laima Bernataviciute er en viktig brikke for gode prestasjonar og resultat også i 1. divisjon. Foto: NILS HARALD ÅNSTAD