Kampen mot trondheimslaget Utleira vart karakterisert som sesongens viktigaste. Begge er plassert under nedrykksstreken, men med siger hadde begge sjanse til å klatre nærmare sikker plass i 1.-divisjon. Det var heimelaget Volda som nytta sjansen best i Voldahallen.

I dei tre siste seriekampane ventar Selbu heime 5. april og bortekamper mot Bækkkelaget og Halden 12.-13. april. Det verka som få i Volda har tru på at dei kan slå topplaget Halden borte i siste kamp, det er dei to komande kampane som må vinnast.

Gir seg uansett

- Det er ikkje håplaust for oss etter denne sigeren. Vi må vinnne dei to neste, og det kan vi klare, seier superveteran Holsvik (43).

- Tek du ein ny sesong om de overlever?

- Hehe, nei eg held ikkje fram uansett. Eg har tre ungar.

Med to scoringar frå kanten viste ho at ho framleis har nivået inne.

Fortener skryt

Også for trenar Kristinn Gudmundsson var sigeren ein etterlengte opptur.

- Vi kan avgjere dette sjølv ved å vinne neste kamp, Lenger enn det tenkjer eg ikkje. I dag fortener spelarane mykje skryt. Dei fekk ikkje panikk, sjølv om mykje sto på spel, seier islendingen som har kontrakt to sesongar til og planlegg å bli uansett korleis det går.