Styret i klubben legg førstkomande onsdag fram for årsmøtet eit nytt satsingsprosjekt med eit ambisiøst mål om å nå Postenligaen om 3 år.

Den 53 år gamle kroaten Igor Terzic vart laurdag presentert som ny hovudtrenar Volda Handballklubb.

Han signerte kontrakta med sunnmørsklubben fredag kveld.

Lang erfaring

Terzic har vore trenar sidan han la opp for åtte år sidan, og har tidlegare trent 1. divisjonslaget til Spjelkavik og Rollon.

Han hadde i fjor jobben som trenar for damelaget i Molde Handballklubb, dit han kom etter sju år i 1. og 2. divisjon med Kristiansund. I 17 år har han vore regional utviklingstrenar for Handballforbundet i region Midt-Norge, og på toppidrettslinja ved Atlanten vidaregåande skule.

53-åringen var proffspelar i Kroatia før han kom til Noreg og IF Urædd i Porsgrunn i 1991, der han vart norgesmeistar i -92.

Han har utdanning frå Olympiatoppeni Kroatia, Norges Idrettshøgskole og trinn III i Norges Handballforbund.

1 + 1 + 1

Kontrakta mellom Terzic og Volda Handballklubb er ein 1-årig avtale med muligheit for 1 + 1 år forlenging. Han vert både hovedtrenar for 2. divisjonslaget og sportsleg leiar i klubben.

Klubbens tydelege mål er å kome tilbake i 1. divisjon på fyrste forsøk, og derfrå siktar dei vidare mot Postenligaen om tre år.

Kontrakta er ei prestasjonskontrakt, der begge partar kan avslutte samarbeidet om ein ikkje lykkast med dei sportslege måla klubben har sett og som partane er samde om.

I 2. divisjon for å ta sats

Klubben og spelargruppa er samde om at 1. divisjon har gitt meirsmak, og dei fleste spelarane og i støtteapparatet blir med vidare.

Dei lokale handballprofilane Line Hagen og Hilde Egset, som begge returnerte til moderklubben i januar, har òg sagt ja til fortsatt satsing for Volda HK.

- Det er veldig viktig at dei blir i klubben. At vi har sterke, lokale profilar som desse er viktig for både rekruttering og sponsorar, seier leiar i Volda HK, Arild Bakke.

Vekt på breidde

Klubben kjem i samarbeid med den nye trenaren og sportslege leiaren til å legge meir vekt på breddesatsing.

Terzic skal i tillegg til å ha hovudansvaret for 2. divisjon ha to treningar per veke saman med Jenter 16.

- Han vil òg ha eit overordna ansvar for det sporslege for alle aldersbestemte lag. I den grad det er mogleg, vil vi også prøve å tilby hjelp og kompetanse til andre lokale klubbar i ei eller anna form, fortel Bakke, som seier klubben er avhengig av lokale talent og utvikling av desse.

Hallkapasitet vil være avgjerande

Volda HK vurderer pressande hallkapasitet som det største hinderet for at draumen om Postenligaen kan bli realitet.

- For Volda Handball sin vidare satsingmå ein ha ein hall som blir godkjent som arena for å spele kampar i Postenligaen, presiserer Arild Bakke i ei pressemelding laurdag.

Leiar i Volda HK, Arild Bakke (t.h.), saman med den nysignerte trenaren Igor Terzic, som førebels er inne i ei eittårs prestasjonskontrakt. Foto: Trond Eidet, Volda HK
Line Hagen skal bli med Volda HK vidare. Foto: Ove Krumsvik
Hilde Egset har sagt ja til å spele for Volda HK òg neste sesong. Foto: Ove Krumsvik