Lena har gjort det før, i 2009, og ho seier at denne gongen rett og slett gler seg.

– Første månaden måtte eg verkeleg ta meg i det og slutte å gå i butikkar. Det var ingen vits å gå i butikkar om eg ikkje skulle ha noko. Men etter kvart vart det rett og slett berre frigjerande.

Lena Kvalsund Jensen seier den første Oslo-turen vart kjedeleg. Ho var vant med at Oslo var jamgodt med shopping.

– Men så fann vi på andre ting å gjere.

– Herleg

No bur herøyværingen i Oslo midt mellom såkalla shoppeparadis av alle slag og med freistingar på kvart eit gatehjørne. Ho trur likevel det skal gå bra.

– Det var så herleg. Ein slapp å tenke kvar gong ein skulle noko, så måtte ein ha noko nytt. Og ein slapp å stå fram for eit fullt klesskap og tenke ta ein ikkje hadde noko å ha på seg.

Lena fortel om spart tid og sparte pengar.

Hege Woldsund lyttar interessert. Ho er førstereisgut innan shoppestopp.

Skummelt

– Først tenkte eg at dette var skummelt, men så tenkte eg at nei, eg er med, eg berre er nøydd til det. Om nokon burde, så er det eg, ler ho.

Dei to og fire andre har laga si eiga Facebook-gruppe. Der ligg deira eigne og individuelle avtalar om korleis shoppestoppen skal vere. Og der kan dei utveksle idear, erfaringar - og eventuelle depresjonar om dei skulle kome.

Men der er mange gulrøter i tanken om shoppestopp. Tommare skap og meir oversikt over kva ein eigentleg har er ei av dei. Ein premie som for eksempel ein tur kan vere ei anna gulrot. Fordelar for miljøet og tanken på arbeidarane som produserer kleda ligg også bak. Lena fortel om ei dongeribukse til 149 kroner.

– Då er det rett og slett litt ekkelt å tenke på kor lite som går til dei som har sydd den.

Følg smp.no på Facebook

Lærdom

Lena seier at det ho lærte forrige gong ho hadde stoppestopp, var meir om kva klede ho eigentleg bruker og kva klede ho eigentleg treng. Det er dei gamle, gode råda. Enkle basisklede, fast basisfarge og så stæsje opp eller pynte ned med sjal og smykke

Sjølv om gleda ved å kjøpe var større etter den eittårige kjøpe-fasta enn den var før, så tok det likevel lang tid før klesskapet var overfylt igjen.

– Og det er vel det det handlar om dette, overfloda, og all unødvendig tid og pengar vi bruker på å gå i butikkar.

– Kanskje kan mindre styr med hus, skuffer og skap gjere at ein kan bruke tid meir til for eksempel å gå på fjellet? undrar Hege.

– Eg gler meg iallfall til å sleppe shopping, seier Lena.

Les også våre kortreistreportasjer

Gler seg. Hege Woldsund og Lena Kvalsund Jensen er klare for å innfri sine avtalar om shoppestopp i 2013. Litt ulike avtalar, men begge har valt ut punkt som kjem til å svi. Likevel gler dei seg.