Sølvi Haugen Leivdal viser inn i den nyrestaurerte Nordfjordstova i tunet i Leivdalen.

– Vi hadde berre rot her før, og vi hadde hagemøblane her, seier Sølvi som i helga opna butikk i huset og fekk med helsing både frå ordførar og bondelaget.

Fekk utmerking

Frå Eid bondelag fekk Sølvi utmerkinga «Bondevenn», fordi ho satsar heime på garden og dermed fremjar bonden og landbruksnæringa på ein positiv måte.

Sølvi dreiv tidlegare interiørbutikk i Eidsgata, men hadde ikkje helse til å drive butikk seks dagar i veka. Sidan oktober har ho difor drive nettbutikk heimanfrå og sendt møblar og interiørartiklar til kundar over heile landet - frå Kristiansand i sør til Vardø i nord.

Ein del av dei lokale kundane har spurt om dei kunne kome heim og få sjå ting. Og slik vart ideen om ein eigen gardsbutikk til.

– Ikkje aller likar å handle i nettbutikk. Dei vil sjå det dei kjøper, seier Sølvi som vil fyre opp i stova og ha ope på butikken onsdagar og laurdagar.

Klyngjetun

Den raudmåla gardsbutikken er sentralt plassert i tunet i Tore-garden. Sølvi veit ikkje kor gammal stova er, men det har i alle fall ikkje budd folk der på 80 år.

Huset er flytta ut frå det gamle klyngjetunet i Haldorgarden i Leivdalen.

Og det var tippoldefaren til Sølvi sin mann, Torbjørn, som i si tid flytta huset dit det står i dag. Det stod eit tilsvarande hus ved sidan av, men dette blei flytta til setra for 50 år sidan og blir no brukt som sel.

– Det vart meir arbeid enn vi trudde. Og det har gått i full fart. No er eg lykkeleg over at eg endeleg har opna, smiler Sølvi som gler seg over godt besøk på opningsdagen og gode tilbakemeldingar frå dei som var innom.

Tak og vegger er måla i lyse fargar. Dei grøne fargane som var i stova, har ho teke vare på på baksida av ei gammal dør. I rommet der butikkdisken står, er det originale golvet teke vare på.

Kursplanar

Huset har også fått innlagd vatn, kjøkken og toalett. Sølvi har nemleg også planar om kursaktivitet, gjerne med enkel servering. Og då krevst det godkjenning frå Mattilsynet.

– Eg har masse planar, men må ta litt etter litt, seier Sølvi som sjølv er i ferd med å ta etablerarkurs.

Ho veit ikkje om andre som driv tilsvarande næring her i distriktet, men ho har lese om folk som driv butikk frå stabbur andre stader i landet.

Målet er etter kvart å ta i bruk uteområdet i tunet til ulike aktivitetar. Sonen Tore har kome med ideen om å lære folk å hesje og servere slåttegraut. Ein annan ide er å lage til ei snikkarbod, der ungane kan spikke. Før jul hadde dei julemarknad, med hest, slede og nisse. Det slo godt an og samla 200 personar.

Eigenarta hjortehorn

I butikken har Sølvi merkevarer frå inn- og utland, men også varer frå eigen gard som til dømes skinn frå eigne sauer. Og horn av hjortar som er skotne på garden, lakkerer ho i gull og andre fargar og sel på butikken.

Sølvi har fått noko tilskot til satsinga si. Men Innovasjon Norge gav avslag, fordi dei meiner satsinga ikkje kjem inn under landbruk. Sølvi sjølv meiner det er attåtnæring god nok på garden.