Reglane kring dekkskifte på bilen kan opplevast som uklare, og politiet på Sunnmøre presiserer at ingen får bot for å skifte til piggdekk allereie onsdag.

– Fleire er opptekne av datoen 15. oktober som ein «lovleg» dato for overgang til piggdekk, skriv politidistriktet på sine Facebook-sider.

Følg smp.no på Facebook

Dei viser til kravet om at «kjøretøyet skal vere sikra tilstrekkeleg veggrep i forhold til føret, om nødvendig med bruk av vinterdekk med eller utan piggar». Det tilseier at du ikkje får bot om du legg om til vinterdekk - om du meiner det kan fryse på der du skal køyre.

Les fleire bil- og trafikknyheter på smp.no

På nettstaden til Statens vegvesen, heiter det at det som hovudregel ikkje er tillate med piggdekk til og med 31. oktober på våre trakter. Det er ingen fristar knytt til bruken av piggfrie vinterdekk.

Se vegmeldinger for Møre og Romsdal her (ekstern lenke)Se vegmeldinger for Sogn og Fjordane her (ekstern lenke)