Stadig fleire får opp augene for kva Sunnmørsfjella har å by på vinterstid.

– Sunnmørsalpane er det flottaste området for skiturar i Norge, og vi har lenge ønskt oss ein eigen skiguide i bokform, seier ansvarleg redaktør Erlend Sande i forlaget Fri Flyt.

Han har handplukka Stig Helset, ørsting busett i Volda, til oppdraget med å skrive boka «Toppturar på Sunnmøre». Helset har på si side handplukka Håvard Myklebust, hjørundfjording busett i Volda, til oppdraget som fotograf.

Konsentrert om Hjørundfjorden

Begge er langt over gjennomsnittet skiinteresserte, og har mellom anna vunne ekstremkonkurransen X2 Tind kvar sine gongar.

– Vi har valt ut dei 80 beste turane, slik vi har vurdert det. Konsentrasjonen ligg aust og vest for Hjørundfjorden. Det er dette området vi kjenner best, og det er det mest spektakulære. Men vi har og valt ut turar i andre delar av Sunnmøre og Nordfjord, seier Helset og Myklebust.

Mer å lese under bildet

Forfattar og fotograf Stig Helset og Håvard Myklebust har jobba saman med den nye boka «Toppturar på Sunnmøre». Foto: Svein Aam

Både enkle og krevjande ruter

Deira bok «Toppturar på Sunnmøre» er å sjå på som ein oppdatert og utvida versjon av klassikaren «Skiturar i Sunnmørsalpane», som Helge Standal og Jon Hagen ga ut i 1996. Dette har vore skibibelen for ein heil generasjon toppturgåarar på Sunnmøre. Dei 80 omtala turane har stort spenn både i vanskegrad og geografi. Dermed kan både tilreisande ekstremturistar og lokale turfolk finne ei passande utfordring.

– Minst halvparten av turane er moderate, og vi har med ytterpunkta både når det gjeld enkle og krevjande ruter. Men det er 500 fjelltoppar på Sunnmøre, og vi har med 80 turar. Så vi er budde på klager frå folk som ikkje finn «sitt» fjell, seier Stig Helset og Håvard Myklebust.

Smp.no utfordra dei to plukke ut fem favoritturar:

1. Saudehornet (1303) ved Ørsta sentrum. Dette er Ørsta sitt «byfjell», og eit naturleg val for forfattar Stig Helset, som er vakse opp så og seie ved foten av fjellet i Grepalida i Ørsta. «Dette er mitt heimefjell, som eg har gått hundrevis av gongar. Det er lett tilgjengeleg, og byr på mange og til dels ekstreme nedkøyringar på skredtrygge dagar.»

2. Svinetind med oppgang frå Ytre Standal i Hjørundfjorden. «Dette er ein relativt moderat tur. Ikkje så veldig bratt. Toppen har kanskje den finaste utsikta av alle, du ser havgapet, Molladalstindane og Hjørundfjorden med tindane i aust. Og det er ei fin nedkøyring.»

3. Dukhornet med start frå Finnes, inst i Hjørundfjorden. Denne turen er ikkje så veldig bratt, og går i fantastiske omgjevnader. Utsikta er flott. Om våren kan du køyre med bil ganske høgt opp i Bakkedalen.»

4. Røyrhusnibba mellom Hornindal og Hellesylt. «Dette er ein kort og moderat tur i eit snøsikkert område, med flott utsikt frå toppen.»

5.  Romedalstind frå Romedalen i Ørsta. «Dette er ein klassikar som kveldstur seint på sesongen i mai/juni med flott kveldssol i ei nordvendt side som held snø lenge. Men det er litt klyving mot slutten.»

Kva for tur er din favoritt? Bruk kommmentarfeltet!