Speedflying

Drar til New Zealand for å flyge og fotografere

Marius Bøstrand (19) og Marius Beck Dahle (26) frå Volda skal på drøymetur til andre sida av kloden.

Dei to kameratane driv med luftsporten speedflying, eller fartsflyging om du vil. Speedflying går ut på å flyge med ein liten vengje i høg fart ned frå fjell, nær terreng, med eller utan ski på føtene.

Sjå video av Marius og Marius i aksjon over

Marius Beck Dahle jobbar som fotograf, og Marius Bøstrand fotograferer også mykje. I november får kameratane kombinere dei to interessene sine i eit oppdrag over 17.000 mil i luftlinje heimanfrå - på New Zealand.

Ny sport

– Speedflying er ein nokså ny sport, og miljøet er ikkje så stort. Så då vi høyrde at det skulle arrangerast speedflying-camp på New Zealand, så tilbaud vi oss å vere fotografar der, fortel Beck Dahle.

(meir å lese under bildet)

Speedflying Vengja som vert brukt i speedflying er ein del mindre enn ein paraglider.
(Foto: Marius Beck Dahle)

Speedflying Vengja som vert brukt i speedflying er ein del mindre enn ein paraglider. Foto: Marius Beck Dahle


SkiandFly, som arrangerer Speed Flying Training Camp i Queenstown på New Zealand, er blant dei fremste i verda på sitt felt.

– Vi får betalt for fotojobben ved at vi får delta gratis på campen, og det er meir enn godt nok for oss. Dette blir ein spennande og lærerik ferie på mange måtar, trur dei to.

Gjer som fleire enn 23.000 andre - lik smp.no på Facebook

(meir å lese under bildet)

Ikkje høgdeskrekk Slik akrobatikk er ikkje for dei med høgdeskrekk. Sjå video av flyginga over saka.
(Foto: Marius Beck Dahle)

Ikkje høgdeskrekk Slik akrobatikk er ikkje for dei med høgdeskrekk. Sjå video av flyginga over saka. Foto: Marius Beck Dahle

 

600 flygingar

Beck Dahle og Bøstrand tok til med speedflying for to år sidan. Sidan den gong har Beck Dahle gjennomført rundt 600 flygingar frå fjell både på Sunnmøre og andre stader i landet.

Bøstrand, som har vore i militæret det siste året, har rundt 300 flygingar bak seg.

– Om forholda er fine og eg har tid, prioriterer eg å gå i fjellet og flyge, fortel Beck Dahle.

Reiser Marius Beck Dahle og Marius Bøstrand reiser til New Zealand i november. (Foto: Marius Beck Dahle )

Reiser Marius Beck Dahle og Marius Bøstrand reiser til New Zealand i november. Foto: Marius Beck Dahle



«Se hva jeg kan!»:

Løper utfor fjell

Tar raskeste rute ned – og segler rundt flere ganger undervegs.



Bli med på flytur ned frå Slogen

– Dette skal vi ha det mykje moro med, seier Marius Beck Dahle om sin nye hobby.

 

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg. Ditt fulle navn må enten gå fram av epost-adressen eller oppgis som brukernavn/Facebook-profil

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå
 

Forsiden nå:

Ansatte reagerer sterkt på forslag om kjøkkensentralisering

– Ingen har spurt oss om hva vi mener. Men jeg kan si at de ikke vil spare noe som helst på dette

De får vondt i magen bare ved tanken på at kjøkkenet kan bli flytta.

Vanntilførsel avsluttes på Veslemannen

På bakgrunn av reduserte bevegelser har NVE avsluttet vanntilførselen til Veslemannen.

Åknes/Tafjord førebur stor varslingstest 

Varslingssirener og meldingar til alle mobiltelefonar i Storfjord-området blir testa i ein stor varslingsprøve 31. oktober.