– Det er først når skuleferien er over, det blir verkeleg låge prisar. Då har ein fått turar ned mot tusenlappen tidlegare. Det er litt for tidleg å seie om det skjer i år også, seier marknadssjef Barbro Mosseng i Apollo til smp.no.

Dei er ein av fleire reiseoperatørar som tilbyr turar Ålesund lufthavn, og har Hellas, Kroatia, Spania og Bulgaria på destinasjonslista frå Nordvestlandet.

Sol i Norge har liten effekt

Ifølge Mosseng har ikkje den strålande sommaren i Norge hatt noko særleg effekt på salget av charterturar, verken frå Ålesund eller andre stader.

– Vi har hatt veldig godt belegg frå Vigra i sommar. Generelt er Kreta det mest populære reisemålet, men frå Vigra har til dømes Bulgaria også våre ein populær stad å reise til. Folk reiser nok ikkje berre for sola. Dei reiser for å kome seg vekk og oppleve nye ting.

Mange alternativ

Dei billegaste turane frå Vigra akkurat no, går til Alanya med Nazar. Her kan du få ei veke for 1.297 kroner, men då må du ta til takke med eit tostjerners hotell.

Det finst likevel mange alternativ om ein legg litt meir pengar i potten.

Andre prisdøme frå Ålesund:

Apollo, 7 dagar på Mallorca, Spania, 4-stjerners hotell, avreise 16. august, pris 2.798 kr per person.

Detur, 7 dagar på Antalya, Tyrkia, 4-stjerners leiligheit, avreise 10. august, pris 2.890 kr per person.

Solfaktor, 7 dagar i Alicante, Spania, 4-stjerenrs hotell, avreise 23. august, pris 3.122 kr per person.

Apollo, 7 dagar på Kreta, 4-stjerners leiligheit, avreise 16. august, pris 3.298 kr per person.

Har nokre få billettar til helga

Om du har meir hastverk, finst det også nokre få alternativ.

– Vi har nokre få billettar til Rhodos i helga, og så er det litt billettar neste veke. Men her er det berre snakk om nokre få billettar, seier Mosseng.