I løpet av romjula har nokon brote seg inn i eit bygg på gamle Høddvoll, og gjort store skadar.

Det er uklart når vandalene slo til, men hærverket blei oppdaga den 27. desember av ein låsevakt, skriv Vikebladet. Måndag var politiet på staden for å sikre spor.

– Nokre har brutt seg inn i den gamle kiosken og speakerbua. Dei har mellom anna lete vatnet stå og renne, noko som har ført til store vasskadar, seier operasjonsleiar Per Åge Ferstad i politiet på Sunnmøre.

Må truleg rivast

Bygget, som husa både den gamle kiosken og speakerbua, har ikkje vore i dagleg bruk, men har blitt brukt til litt lagring og blitt teke vare på av klubben.

– Det var ikkje nokre store verdigjenstandar som blei lagra der, men det er ganske store vannskadar på bygget. I tillegg er ein del inventar knust og øydelagt, seier Per Arve Moldskred, som er driftssjef for anlegg i Hødd, til Smp.no.

– Saka er meld til politiet, og så må vi ta kontakt med forsikringsselskapet og få ein takst. Slik det ser ut no, kan det ha fått så store skadar at det kanskje er riving som blir utvegen. Men det veit eg ikkje,seier Molskred.

Bygget blei bygd i 1995 då Hødd rykka opp til eliteserien.