Arild Sundgot blir likevel ikkje med i trenarteamet til Hødd Fotball. Private årsaker gjer at Sundgot vender heim til Austlandet og familien der, går det fram av ei pressemelding, fredag.

- Eg hadde sett fram til å bli ein del av Hødd-familien igjen, og i den korte tida eg har vore i Ulsteinvik har eg vorte fantastisk godt tatt imot av administrasjonen, trenarar, spelarar, supporterar; ja heile klubben. Dessverre dukka det opp utfordringar som gjorde at eg måtte endre prioriteringane mine, og det er difor med svært tungt hjarte at eg i dag har informert klubben om at eg må avslutte avtalen. Det er viktig for meg å poengtere at avgjera er utelukkande grunna private årsakar og ikkje har noko med Hødd å gjere, heiter det frå Sundgot i meldinga.

Hødd Fotball gir, på si side, uttrykk for at dei synest det er trist at Sundgot ikkje blir ein del av trenarteamet i åra framover, men at dei har full respekt for den avgjerda han måtte ta.

Blir utvida