– Det er ein svært reflektert fotballmann som vi har eit veldig godt inntrykk av. Vi har stor tru på han som trenar for Ørsta, og er veldig trygge på at dette er ei god løysing, seier sportsleg leiar Per Endre Woldsund i Ørsta IL fotball.

Eittårskontrakt

Fredag ettermiddag signerte Vegard Heltne kontrakten som gjer at han trenar for Ørsta-herrane. Det er ikkje meir enn ei veke sidan at 28-åringen gav beskjed til Hødd om at han legg opp som fotballspelar. Som spelar vart han m.a. cupmeister med Hødd i 2012, og han har hatt over ti i toppfotballen i Noreg. Då Heltne vart kontakta av Ørsta IL fotball tok det ikkje lang tid før han fatta interesse for jobben.

– Eg fekk ei spontan kjensle av at dette kunne vere interessant, og vi avtalte eit møte. Det enda opp med å vare i fire timar. Vi hadde det artig, snakka fotball og mest om Ørsta. Eg vart overbevist etter det møtet, seier Heltne.

Ørsta IL fotball har arbeidd med tre til fire alternativ for trenar på herresida.

– Vi har berre fått positive tilbakemeldingar frå alle referansar for Vegard, og han er heil ved. Han har erfaring frå toppfotballen og veit kva som skal til for å lukkast. Han er flink til å kommunisere med spelarar, og vi har eit veldig godt inntrykk, seier dagleg leiar Arnstein Sandvik.

Fersk

I utgangspunktet hadde ikkje Heltne noko plan om å slutte som fotballspelar no, men grunna skadar vart han tvungen til å legge fotballskoa på hylla. Ørsta vert den første klubben som Heltne får hovudansvaret i.

– Gjennom spelarkarrieren har eg ikkje tenkt så mykje på trenarbiten. Eg har snakka med fleire i Hødd og Sindre Eid spesielt. Dette er noko som kan passe meg bra. Eg vil utforske og finne ut av det. At Ørsta då tok kontakt var perfekt. Det er litt spenning og press i denne jobben.

Den nye Ørsta-trenaren vil møte og sjå spelargruppa i aksjon før han bestemmer seg for korleis laget skal spele.

– Eg vil sjå spelarane mykje før eg bestemmer for kva som er best for Ørsta. Å vere bastant på å gjere ting på eine eller andre måten det tykkjer eg er feil. Spelarmateriale må vere med å avgjere dette. Så kjem eg også til å prate med spelarane om dette.

No tek Heltne seg litt ferie før han er klar for å ta fatt på trenargjerninga.

– At det er mange unge spelarar i Ørsta-stallen ser eg på som berre positivt, seier Heltne.

Spelargruppa i Ørsta er positiv til sin nye trenar.

– Det er veldig positivt å få på plass Vegard. Han er ein veldig kjekke kar med mykje fotball i seg. Vi gler oss til å møte han, seier Mats Øvrebotten på vegner av spelargruppa.

– Eit scoop

Frå sin tidlegare trenar i Hødd, Sindre Eid, er det berre lovord å hente for Heltne.

– Vegard er eit scoop for Ørsta-fotballen. Han er ein av ei klokaste fotballspelarane eg har jobba med, han er ein vinnarskalle og ein veldig flott fyr. Vegard har alltid vore flink til å vare på folk rundt seg, og eg kan berre gje han dei beste skottsmål. Alle veit at i fotballen er det ingenting som er hundre prosent, og ingen kan garantere for siger og suksess. Men at Vegard vil vere med å bidra til Ørsta-fotballen får utvikling er eg heilt sikker på. Han er fersk i gamet, men har vore med og opplevd mykje. Han har ti sesongar bak seg i toppfotballen, og veit kor lista ligg. Det blir veldig spennande å følgje med, seier Eid til Møre-Nytt.