Erlend Lunde (38) er ikkje ein prest i vanleg A-4 format. Han både spelar fotball og driv i stand up-bransjen. I kveld vart laget hans, Sykkylven Blå, heidra som KM-vinnarar i 7-ar serien på Sunnmøre.

Grasrotlaget hans er Os turnforening, ein klubb med tilhald tre mil sør for Bergen. Brennande engasjerte sunnmøringar vil nikka attkjennande til namn som Erik Just Olsen og Svein Gunnar Rein, og året 1975, då klubben hans spela i toppserien.

- Eg var i klubben til og med junioralder, men har aldri spela seniorfotball. På den fronten skjedde debuten i Sykkylven, seier den populære presten.

Ny idrettspark

Lunde var mellom dei som engasjerte seg i utbygginga av Ikornnes Idrettspark. Og då praktanlegget stod ferdig måtte det brukast. Også av godt vaksne folk. Stadig nye har kome til, og dette året måtte AaFK-veteranane gi slepp på trona dei nærast har hatt hevd på.

- Vi har hatt ein god sesong. Berre tap mot Emblem borte, og Emblem synest eg er beste laget vi har møtt. Elles er det stort for ein Brann-tilhengar og vinne begge kampane mot AaFK, synest den ferske KM-vinnaren, som har teikna seg på scoringsliste 12-13 gonger i løpet av sesongen.

Inga kveldsbøn for Brann

- Korleis er det å vere tilhengar av Brann om dagen?

- Eg håper sjølvsagt dei held seg, men innerst inne har eg byrja bu meg på helgaturar til Ulsteinvik og Kristiansund neste år.

- Kjem du til å ta Brann med i kveldsbøna no i serieinnspurten?

- Det kan du vere sikker på at eg ikkje gjer. Det er så mange andre som treng omtanke meir enn dei. Overbetalte fotballspelarar får greie seg sjølve!

Reine ord for pengane frå ein nyslegen KM-vinnar i fotball – truleg den einaste Sunnmøre nokon gong har fostra frå prestestanden.

PS. I siste kamp vart det kontrollert siger 6-3 over Hjørungavåg 2/Hareid 3