Laginnsatsen var den store skilnaden mellom laga i denne kampen. FK Sykkylven klarte berre å redusere ein gong i 2. omgang, dermed vann Hareid 3–1.

– Eg er særs godt nøgd med måten vi presterer før pause. Vi trengde denne oppturen etter fleire svake kampar på heimebane, og vi avtalte å kjempe sigeren etter kvilen, seier Hareid-trenar Stig Monsen.

Det var likevel gjestane som sette ballen først i mål på Hareid stadion. Problemet var berre at midtstoppar Jan Robert Lyngvær sette headinga i eige mål.

Heimelaget fekk dermed vitaminen dei trengde for å krydre den enorme innsatsen frå avspark. Når same uheldige Lyngvær felte Hareid sin Thor-Ove Brekke som sistemann etter tjue minutt, var gjestane med eitt redusert til ti mann.

Straffesparket sette Alexander Nevstad sikkert i mål.

Det vart ein kamp med mange duellar og lite finspel. Hareid kjempa langt betre enn gjestane før pause, og fekk etter kvart betalt med ny scoring. Store og sterke Thor Ove Brekke nikka raudtrøyene i føringa med 3–0.

I 2. omgang vart det, om mogleg, endå fleire duellar ute på den grøne flotte grasbana. Dommar Olsen fekk etter kvart ein stri tørn med å temme aggressive spelarar, men hadde like fullt full kontroll på kampen.

Sykkylven fekk blod på tann med si redusering kvarteret ut i omgangen, men trass ein straffebom var dette Hareid sin dag.

Sterkt av Vigra

Ytterlegare tre kampar blei spelt i torsdagens 4. divisjonsrunde. Slik gjekk det:

LANGEVÅG – VIGRA 1–1 (0–1)

Mål Langevåg: Kheirullah Ahmadzai

Mål Vigra: Kenneth Kjevik

Kampen:

Heimelaget var som venta det førande laget spelemessig, men det er ikkje alltid det hjelp. Spesielt ikkje når motstandaren har ei målrotte som Kenneth Kjevik. Han gav Vigra ei viktig leiing før kvilen. Langevåg stanga lenge, men fekk midtvegs i andreomgang utlikninga si. Etter dette kunne faktisk begge lag henta heim sigeren. Totalt sett difor greit med uavgjort.

ROLLON – GODØY 3–3 (2–3)

Mål Rollon: Daniel Gjerde, Anders Hagen, Stian Bellen

Mål Godøy: Svein-Arve Alnes (2), Trond Brynestad

Kampen:

Dette oppgjeret er blitt ein slager dei siste åra, og vart det torsdag igjen. Rollon tok oppskriftsmessig leiinga, men plutseleg snudde Godøy til 1-3. Mellom anna etter eit praktmål av Svein-Arve Alnes på volley frå 30 meter. Rollon spelte seg inn igjen i kampen og fekk to scoringar. Dei pressa på for nummer fire, men til slutt vart det poengdeling.

EMBLEM – VARTDAL 4–0 (3–0)

Mål Emblem: Thomas Gjøsund, Robert Kurtuly, Bjørnar Johansen, Erlend Larsen

Kampen:

Emblem fekk ein draumestart med 1–0 etter to minutt. Då var standarden eigentleg sett. Heimelaget køyrde over vertane før kvilen og leia fortent til pause. Vartdal heva seg fleire hakk etter kvilen og det heile ebba ut i ein komfortabel 4-0-siger for vertane.