Når formannskapsmedlemene i Sande møtest tirsdag, er det for å diskutere eit framlegg til budsjett og økonomiplan der bankboka er tømt.

Det er mykje usikkerheit knytt til om kommunen får dobbelt trekk i arbeidsgjevaravgifta.

For Sande sin del betyr det tre millionar kroner ekstra i utgifter. Rådmannen foreslår å betale dette med å bruke siste rest av disposisjonsfondet. På den måten vil ein langt på veg greie å oppretthalde driftsnivået frå 2014 og så i 2015.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Men dersom staten held fram med trekket i samband med nedsetjing av arbeidsgjevaravgifta, er det ikkje lenger nok med ostehøvel på drifta. Då advarer rådmann Asjørn Moltudal om at ein må redusere kvaliteten og omfanget av tenester, endre strukturar som for eksempel skulestruktur i samband med fallande barnetal, og vurdere innføring av eigedomsskatt.