– Det vert 32,5 timar kvar veke der vi har to treningspass, den fyrste frå 10.00–13.00 og den andre frå 16.30–19.00. Vi har sett opp 21 bord og spelarane kjem frå ei rekkje klubbar. Nokre er her ei veke, nokre to og dei aller ivrigaste er her alle fire vekene, fortel Tor Hallaråker.

Den aldri kvilande eldsjela i Volda og Ørsta Bordtennisklubb syter for at alle får sin naudsynte merksemd. Og for at sommarleiren gir det rette sportslege utbyte for dei som har meldt seg på. Hallaråker har god hjelp. For på sommarleiren vert det lagt vekt på at alle dei unge som deltek, uansett kva for nivå dei spelar på, skal få gode sparringspartnarar. Fleire av dei beste seniorane i Volda og Ørsta BTK stiller derfor opp for å sparre mot dei mange unge og lovande spelarane som satsar hardt på å bli best mogeleg.

Frå Bodø

Ei av dei ivrigaste er Kristina Pirtskhalava, som saman med sin far har teke turen heilt frå Bodø.

– Du er ikkje redd for å bli lei av å trene i fire veker?

– Nei, dette er ein veldig bra leir. For her gjer vi også ein god del anna, som å spele fotballturneringar og delta på quiz. Det at det er så mange gode å sparre mot er topp, og det høge nivået på trenarane er viktig. Dei har også glimt i auga, meiner 12-åringen som har spelt i tre år.

Og ho er allereie den beste damespelaren uansett alder i Nord-Norge, før ho har blitt 13 år. Best i Nord-Europa er Anne Sophie Kalvatn. I alle høve var ho det under den nordeuropeiske meisterskapen nyleg. Der vann ho finalen i 15-årsklassa.

– Eg slo Sofie Eriksson frå Finland 3–1 i sett under finalen. Det var overraskande også for meg. Eg hadde full klaff heile tida, seier Anne Sophie.

Ho kom rett frå triumfen i Estland til den første veka av sommarleiren i Volda.

– Eg blir her den fyrste veka, seier frøken Kalvatn. Og namnet avslører at her er det sunnmørske aner.

– Farfar og farmor bor i Auste-fjorden, så vi bur der under opphaldet her i Volda, fortel Anne Sophie.

Ho trivst veldig bra, og er godt kjent med fleire av spelarane i Volda og Ørsta Bordtennisklubb som ho møter på norgescupar og norske meisterskap.Ei av dei som spelar på kadettlandslaget saman med Anne Sophie, er Sunniva Sjøholt. Ho og klubbvenninna Mina Molnes Driveklepp er av Volda og Ørsta sine mest meritterte. I ein alder av 14 år har dei ei rekkje internasjonale oppgåver. Seinare denne månaden skal Sunniva, Mina og Sigurd Tjalveson Sørheim til bordtennissporten sitt maktsenter; Kina. Der er det kring 20 millionar lisensierte spelarar. Og den nasjonen som dominerer stort under verdsmeisterskap og olympiske leikar.

Beijing

– Vi skal vere på ein leir i Beijing 17 dagar. Eg var der for to år sidan også. Det var veldig lærerikt. Der skal vi trene seks timar om dagen og spele kampar mot gode kinserarar, fortel Sunniva Sjøholt.

Under den nordeuropeiske meisterskapen i Estland tok ho bronse i lagkonkurransen for jenter kadett saman med Molnes Driveklepp og Kalvatn.

– Eg var godt fornøgd med bronsen i lagkampen, seier Sunniva Sjøholt. Som på den siste rankinga i Norge er nr. 8 i piker 15 år (1711 poeng), på plassen bak klubbkollega Molnes Driveklepp (1720) og på plassen føre Anne Sophie Kalvatn, B-72 (1623 poeng).