– Det kan godt hende vi kjem til å halde fleire her. Om ikkje i år så kanskje til neste sommar, seier Øye-Mork.

Øyvind Staveland i Vamp tok sjølv kontakt med Union Øye og bad om å få spele der.

– Eg er tømrar og oppvaksen i ein snikkarfamilie. Og med ein far og ei søster som er arkitektar er eg også blitt smitta av gleda over tradisjon og historie, og flotte bygg i vakre omgivnader.

Kva skjer? Sjekk kulturkalendaren på smp.no

– Å få spele på Union Øye er ein gamal draum. Eg har vore der på dagsbesøk, men aldri overnatta.

Å få bu der i to døgn er stor stas, seier Staveland.

Heile åtte historiske hotell ligg inne på Vamp sin sommarturné 2015. Deriblant Engø gård på Tjøme, Røros Hotell og Sogndalstrand Kulturhotell.

– Folk er på tur, og dei vil vere ute. Vi vil gi dei ei spesiell oppleving, og er opptatt av ramma rundt konserten. Og for oss er kulissane på utekonsertar like viktige som inne i kulturhusa, seier Staveland.

Til hausten skal den populære gruppa tilbake til Nordvestlandet. I november held dei konsert i Ålesund, Ulsteinvik, Stranda og Eid.