Det rår stor forvirring om hjortebestanden i to av dei største hjortekommunane i landet, Volda og Ørsta.

Det er frå gammalt rekna med at hjortestammen langt på veg er den same i dei to kommunane. Det same gjeld for nordre Nordfjord, Vanylven og ytre søre Sunnmøre. Merkeprosjekt har vist at hjorten kan vandre langt innan dette geografiske området.

Bra i Ørsta

Else Beate Barstad har i åtte år vore medlem i Ørsta viltnemnd, dei to siste som leiar. Ho har ikkje fått negative tilbakemeldingar frå jegerar i kommunen, og reknar med at kring 700 dyr av nærare tusen tildelte løyve hittil er felte.

– Det store målet har vore å redusere stammen monaleg, og det trur eg vi må ha lukkast med, seier Barstad. Dette seier ho trass i at ho sjølv ikkje har lukkast med å felle ein einaste, på nokon av dei tre valda ho jaktar.

Ingenting sjølv

– På heimevaldet mitt i Vatnedalen har det vore så store uroingar med orkanhogst og bygging av monsterlinje, at vi alt før jakta reduserte kvoten med 40 prosent, til 17 dyr. Vi har fått berre elleve av desse også.

– Men elles i kommunen er det stort sett bra, og mange er fornøgde og har dermed avslutta på eige initiativ.

– På same tid har vi ikkje fått inn ein einaste søknad om erstatning etter skadebeiting i år. Då tek vi til å nærme oss der vi ynskjer å vere, seier viltnemndleiar Else Beate Barstad.

Verre i Volda

I Volda er det verre. Langt verre, skal ein tru den erfarne jegeren Torgeir Håskjold. Som våpenhandlar har han svært god kontakt med jegerstanden i kommunen.

– Det er stort sett tommelen ned over alt. Og dei som til slutt lukkast med å fylle kvoten, etter ei rekordlang hjortejakt på snart fire månader i år, dei trur eg ikkje har sett særleg nøye på kva typar dyr dei tek ut, vurderer Håskjold. Sjølv jaktar han i området frå Mork og opp mot Helgehornet.

Resultatlaus

– Det er første året eg kan hugse eg ikkje har fått resultat. Eg har vore på seriøs jakt godt over 20 gonger, så vel grytidleg som seint i måneskin. Eg har ikkje hatt ein skotsjanse, og det er historisk elendig, konstaterer Håskjold. Han jaktar så å seie midt i hovudhjortetrekket mellom indre og ytre Sunnmøre.

– Eg høyrer det er svært varierande i ytre også. Eg trur stammen regelrett er så kraftig redusert at det er det vi no ser.

– Og at det har vore skote altfor mykje vaksne, produktive hjortekoller, analyserer Torgeir Håskjold.

JAKT I SNØEN: Denne spissbukken måtte bite i graset i eit jaktvald i Volda sist helg, og er med det truleg ein av dei siste som fell etter ein lang og dårleg sesong. Foto: Knut Arne Aarset
MISNØGD: Jeger og våpenhandlar Torgeir Håskjold i Volda er svært misnøgd med årets jakt. Foto: Knut Arne Aarset