Den pensjonerte ishavsskipperen Magnar Aklestad (75) klarte det umulege: Han fekk Hurtigrutene ASA til å endre rute for første gong på tjue år.

I november 2011 gjekk han ut i Sunnmørsposten og argumenterte for å få hurtigruta til å velje Hjørundfjorden som destinasjon. Eit knapt år etter var det eit faktum – i haust som eit prøveprosjekt, men frå og med neste år som fast haustrute.

Heile sesongen

Aklestad har ikkje tenkt å gje seg med dette:

– Flott at hurtigruta kjem til verdas vakraste fjord om hausten. Men det må det endrast på: I framtida bør hurtigruta gå inn Hjørundfjorden heile sesongen. Turen er spektakulær heile vegen frå Ålesund – medan turen mot Geiranger er kjedeleg i tre timar, heilt til båten passerer Stranda.

Millionsparing

Aklestad har eit par argument til:

Han viser til at i følgje kommunikasjonssjefen i Hurtigrutene ASA, Ragnar Norum, vil selskapet på ein sesong spare 3,6 millionar drivstoffkroner på å velje Hjørundfjorden framfor Geiranger,

I tillegg kjem den halve millionen hurtigruta no må ut med i ekstra hamneavgift i Stranda kommune.

Byhandel

– Ikkje nok med det: Hurtigruta vil på denne måten kunne liggje lenger ved kai i Ålesund, noko som vil vere ein stor fordel for handelen i sentrum, seier Aklestad.

Like raskt. Vil turistane likevel til Geiranger, vil dei – sjølv når hurtigruta går til Hjørundfjorden – kunne kome dit like raskt som no.

– Vert dei bussa gjennom Norangsdalen, ein av dei mest spektakulære dalane i Norge, til Hellesylt – og derifrå tek ferja til Geiranger, vil dei faktisk vere framme der nokre minutt tidlegare enn i dag, seier Aklestad.

Idemakar

Sjølv har han ei 48 år lang karriere til sjøs bak seg – frå 1954 til 2002. Ishavet det meste av tida, og dei siste tjue åra som kaptein, blant anna på amerikanske forskinggskip i Antarktis.

– Korleis fekk du ideen om hurtigruta til Ålesund?

– Det var då hurtigruta skulle til Antarktis, og eg kom i prat med ein kaptein og ein styrmann. Eg fortalde dei om ideen, og at Hjørundfjorden var den første turistfjorden på Sunnmøre. I mange tiår var Hjørundfjorden trygt plassert i attlagt gløymebok, men no ser vi starten på ein ny æra.

Tidlegare ishavsskipper Magnar Aklestad er mannen bak ideen om å få hurtigruta til Hjørundfjorden. – No bør vi ta over etter Geiranger, seier han.