Forskarane ved Norsk Polarinstitutt er klare i sin tale:

– Eigenskapen til isen har endra seg radikalt. Med store mengder eittårsis ligg alt til rette for ei rask smelting i Arktis. Vi kan få den første isfrie sommaren alt i år, seier Kim Holmén, Internasjonal direktør ved Norsk Polarinstitutt.

Grunnlaget for konklusjonen er det faktum at det meste av isen i Polhavet berre er eitt år gammal.

– Det er ikkje normalt, og ingen skal fortelje meg at dette ikkje er menneskeskapt, seier forskingsdirektør Nalan Koc ved Norsk Polarinstitutt.

Polområda er sentrale for forståinga av endringar i det globale miljøet. Difor har Polarinsituttet fått ei viktig rolle i internasjonal klimaforsking.

Halvering

Målingane av Polisen viser at havisen nesten er halvert i forhold til gjennomsnittet for åra 1979/2000. Den første isfrie sommaren kan kome når som helst. Snart er truleg Polhavet stabilt isfritt om sommaren. Det er 13 millionar år sidan sist det skjedde.

– Om 10-20-30 år kan det bli stabilt isfritt, og det er mykje raskarane enn det vi trudde for 4–5 år sidan, seier Nalan Koc.Temperaturauken i Arktis skjer dobbelt så raskt som i resten av verda. Isen smeltar både ovanfrå av sollys, og frå undersida av eit varmare hav. – Oppvarminga av Arktis endrar værmønsteret, og vil påverke heile den nordlege halvkula, seier Nalan Koc.

Les også: – Menneska har endra klimaet

Ekstremvêr

Det betyr ikkje automatisk varmare vintrar i vår region. For endringane påverkar dei såkalla jetstraumane, og kan mellom anna gi kald luft over Norge, slik vi såg i vinter.

– Det er store regionale skilnader når det gjeld effektane på vêret, men det er aukande sannsynlegheit for ekstreme hendingar, seier Nalan Koc.

Livet i havet

Kva vil skje i sjølve havet? Her er det mange x-faktorar. Men aukande innstrøyming av vatn frå sør ser ut til å gjere Polhavet mindre salt. Havet si absorbering av CO2 kan og føre til forsuring, noko som påverkar økosystemet.

Men så langt har auka havtemperatur vore positivt for matproduksjonen i Barentshavet. Forskarane forklarer det med at Barentshavet er grunnt. Spesielt ved iskanten skjer det ein stor transport av næringsstoff til overflata, noko som er gunstig for plankton og fisk.

Spørsmålet er kva som skjer med transporten av næring når iskanten flyttar seg til det 3000- 4000 meter djupe Polhavet.

– Her er mykje uklart, men det er ein svært aktuell tematikk som vi gjerne vil forske meir på, seier forskingsdirektøren ved Norsk Polarinstitutt.

Så langt har havforskarane funne ut at raudåta, som er viktig mat for fisken, klarer seg godt i Polhavet.

– Vi trur at torsken vil halde seg på sokkelen (grunnare hav), men kanskje vil silda kunne gå inn i Polhavet, seier seniorforskar Knut Sunnanå ved Havforskingsinstituttet.

Eit spennande spørsmål er om raudåta vil utkonkonkurrere ishavsåte. Dette planktonet er meir oljerikt, og er viktig mat for fugl og kval.

Menneskeskapt

Både polisen og innlandsisen på Grønland smeltar. Det same gjer permafrosten - med utslepp av klimagassar som resultat. Stadig fleire forskarar omtalar målet om å avgrense den globale temperaturauken til to grader som «urealistisk».

– Kan klimaendringane skuldast naturlege svingingar?

– Nei, vi må ta med dei menneskeskapte pådrivarane, og det høge nivået av Co2 i atmosfæren, seier Nalan Koc.

– Kva vert konsekvensane?

– Jorda vil reparere seg sjølv. Spørsmålet er om menneska klarer å tilpasse seg i takt med dei raske endringane, seier Nalan Koc ved Norsk Polarinstitutt.

<strong>Esmarkbreen:</strong> Breane på Svalbard smeltar i høgt tempo.
<strong>Polarinstituttet:</strong> Forskingsdirektør Nalan Koc ved Norsk Polarinstitutt.
<strong>Svalbard:</strong> Adventsfjorden ved Longyerbyen har vore isfri i år.