Sunnmørsegga kjem frå Rune Haram og Arne Skaar i Haram, og snart også frå Hallgeir Teigene på Hareid.

– Den som er ekstra heldig, får også eitt av desse, gliser Rune Haram, og held opp eit ekstra stort egg ved sida av eit lite.

– Egg er til vanleg litt over 60 gram. Våre høner har det så godt at dei legg egg på over 100 gram, fortel han.

– Vi set nokre av dei store egga oppi kartongane saman med dei normalt store, forklarar han, men utan å love slike egg i kvar einaste tipakning.

Personleg helsing

Rune Haram driv Sørengarden på Haramsøy, kollega Arne Skaar driv Nilsgarden på Skår ved Hellandshamn, og Hallgeir Teigene driv Klokkargarden på Hareid.

Ambisjonane er skyhøge. Dei jaktar på ikkje noko mindre enn det perfekte egget.

– Kartongen du no held i handa, er resultatet av vår felles lidenskap for ferske og kortreiste matvarer, lovar dei på emballasjen.I tillegg til god smak og fin plommefarge, får kundane ei personleg helsing frå Rune, Hallgeir og Arne inne i kvar einaste kartong.

På utsida står klisterlapp med strekkode, verpedato, best før-dato, leverandørnamn og telefonnummeret direkte til bonden.

– Egga kjem dagsferske i butikken, rett frå leverandøren. Det er langt frå kva andre kan tilby, skryt dei.

På plass i Haram

Til produsentane si store glede, er Sunnmørsegga alt på plass i butikkane i Haram.

Dei tok kontakt med eit titals butikkar, som alle sa ja til å ta inn egga.

– Trenden er at forbrukarane vil ha lokal mat, og butikkane må fylgje opp, seier Haram.

Egga kom heilt nyleg i butikk, men har vore i sal frå eige gardsutsal, og det har gått svært godt.

Dei tre partnarane stiller i lag på Matfestivalen i Ålesund i august.

– Vi håpar at våre egg alt då er på plass i utvalde butikkar også i Ålesunds-området, seier Haram og Skaar.

Artig å vere bonde

Dei er godt nøgde med tilbakemeldingane.

– Dei som har fått smaken på Sunnmørsegg, vil ikkje kjøpe andre egg. Kundane kjem igjen og igjen. Når folk er så nøgde, er det artig å vere bonde og matprodusent, seier Skaar.

Dei tre leverer fleire hundre tonn egg i året og kunne forsynt heile Sunnmøre kvar for seg åleine.

Målet er å selje kvart tredje eller fjerde egg direkte til lokal butikk. Då har dei skapt ein ny arbeidsplass på kvar gard.

Pakking, merking og distribusjon kostar litt meir for dagsfersk og kortreist mat.

– Prisen er opp til butikkane. Dei har heilt sikkert både billegare og mykje dyrare egg enn våre. Vi leverer til ein fast pris, seier Haram.

Gulfarge i maten

Sunnmørsegga er produserte lokalt. Hønsefôret er naturleg og eigenutvikla.

Dyra skal ha den beste næringa dei kan få. Då vert egga reinare og smaksopplevinga større, meiner dei.

– Kva er forklaringa på den gule eggeplomma?

– Tagetes- og paprikapulver i maten, forklarar Rune Haram, og dreg oss ut på trappa framfor gardsbutikken og pakkeriet.

– Dette er tagetes, forklarar han, og viser ein vakker plante som ser ut til å trivast godt der han står, i god livd for den våte sørvesten.

<strong>Informasjon:</strong> Kvar einaste 10-pakning har klisterlapp med verpedato og haldbarheit, pluss telefonnummeret direkte til bonden.