Då Alexander Gjørven leita etter ein stad å bu i Trondheim for to år sidan, slo det han at leigetakaren ikkje har så mykje han skulle ha sagt i bustadjakta.

– I ein pressa bustadmarknad kan utleigaren nesten sette dei krava han vil. Og no synest vi det har gått alt for langt, seier Gjørven.

– Sjølv om utleigaren har sin fulle rett til å setje sine krav, er det etisk på trynet.

Han fekk med seg hybelkameraten Kristoffer Vik Nygård og laga nettsida «hybelrating.no».

Samfunnsnyttig

Til no er om lag 180 hyblar i Norge vurdert, og registrert opplysningar på den ferske sida. Førebels har dei fleste vurderingane kome frå Trondheim og Bergen, men Gjørven håpar dette vil spreie seg når folk ser nytten av det.

– Eg trur det er til det beste for samfunnet at utleigarane får ei form for tilbakemelding.Gjørven trur tenesta kan vere med på å gi sannkjenning til dei som gjer ein god jobb, og luke ut «verstingane».

– Det er folk som ikkje har noko på utleigemarknaden å gjere som blir ramma.

Lovleg

Måten tenesta fungerer på er at både leilegheita, utleigar, strømforbruk og pris blir vurdert. Og Gjørven har løpande dialog med datatilsynet for å sikre at det går føre seg på lovleg vis.

– Vi har fått fire e-postar frå misnøgde hybelvertar. Nokre opplyste at dei skulle saksøke oss om vi ikkje fjerna det som stod om dei på nettet, seier Gjørven.

Men så lenge fokuset er på hyblane, og vanleg skikk og bruk blir følgt, skal dei ha lova på si side. Han vedgår at det er ei utfordring å sørgje for at ingen utnyttar sida til å sverte naboen. Derfor godkjenner dei alle innlegga, og dei komande dagane skal det kome eit kommentarfelt, der utleigarane kan forsvare seg.

Hybel i Volda er vurdert

Førebels er berre ein hybel vurdert på Sunnmøre. Og den høyrer til Studentsamskipnaden sin velkjende Porse studentheim.

– Så lenge ein får god karakter må det jo vere greitt, seier eigedomssjef i Studentsamskipnaden i Volda og Ålesund.

Han trur det kan brukast til å forbetre standarden på hyblane i framtida. Og med karakteren 4 av 5, får hybelen gode skottsmål.

<strong>SKJERDUMP FRÅ NETTSIDA:</strong> Førebels er berre ein hybel på Sunnmøre vurdert, det er studenthybelen i Volda som har fått 4/5.