Dette seier reiaren og bergaren av ishavsskuta Polarstar av Ålesund, Willy Nesset. I praksis er ho fullblods skute av ishavsbygda Brandal i Hareid kommune.

Men den bygda har ikkje registreringsgodkjenning for større skuter. I ytste praksis snakkar vi likevel om Polarstar av Stettin, for her har skuta ligge i snart fire år.

Restaureringsprosessen ho har gjennomgått ved verftet til eigar Willy Nesset er så omfattande at det er uråd å gå i detaljar her.

– Eit veldig press i innspurten

Faktum er likevel at den 70 år gamle polarskuta vil framstå i betre stand enn ny, når ho laurdag den 26. august kjem siglande inn Breisundet for heimkomst og skipsfest på Brandal.

Det er ikkje småtteri til markering som er planlagt, når heile det lokale og nasjonale ishavsmiljøet samlar seg og byd alle med på feiringa. Willy Nesset er nok den som gled seg mest av alle.

– Hadde eg visst kor langt eit lerret dette vart å bleike, så hadde eg neppe våga å gje meg i kast med det.

– Også no i innspurten har det vore eit veldig press for å få alt til å klaffe. Faktisk etter at vi trudde alt skulle vore ferdig og sjøklart, smiler Nesset matt. Men nokre dagar ferie vil gjere underverk trur han, før turen igjen går til verftet i Polen.

Kunstnarar og testarar

Der ventar tekniske testar som krengeprøver og andre obligatoriske gjennomgangar.

– Spennande nok, men eg er sikker på at ho kjem seg gjennom. Eg håper det i alle fall for alt i verda, sukkar Nesset. No har alt fokus vore på det han kallar sjølve prikken over i-en, den spesielle målinga av rorhuset.

– Du trur ikkje kor mange telefonar eg har fått frå ishavsfolk som har vore alvorleg uroa etter å ha sett bilde frå Polen der Polarstar har kvitt styrehus.

– Eg kan roe dei alle: Polarstar har no fått originalfargen på plass, kunstferdig ådra i underlaget av dei fremste fagfolk, lovar Nesset.

Riksantikvaren og Fartøyvernsenteret i Hardanger har vore sentrale også i denne prosessen. I tillegg har det vore gjort langvarige praktiske testar med ådring/lasering på aluminium.

– Alt slikt kostar mykje ekstra. Men skal det vere, så skal det vere. Og når eg ser kva desse målingskunstnarane har fått til, så trur eg jammen det er verd det, seier Willy Nesset. Snart klar med fullt mannskap for siglas Szczecin–Brandal.

Polarstar i hamn på Remøy i Herøy før ho vart teken hand om av Willy Nesset. Også på avstand er rorhuset som er sjølve kjenneteiknet til polarlegenda. Arkiv. Foto: Knut Arne Aarset
Slik såg skuta ut i 2007, her presentert av ein dei som ville berge ho, Jarl Brandal. Arkiv. Foto: Karl-Petter Løvoll