Alle elevane ved Hareid ungdomsskule blei sende heim igjen fredag morgon. Årsaken var at taket på bygningen lakk som ein sil, melder Vikebladet.

Med vatn rennande ned i strie straumart i fleire klasserom måtte rektor Siv Marit Røyset Kaldhol sende heim dei 189 elevane for ei tidleg helg. Lærarar og andre tilsette arbeidde fredag ettermiddag med å samle opp alt vatnet som hadde kome inn i skulen, det vart mellom anna teke i bruk store bossdunkar.

Kaldhol er førebels usikker på kor omfattande vassskadene på skulebygget er.

Ho er også usikker på om det er råd å opne skule for undervisnning komande måndag.

- Vi ventar no på takstmannen som skal hjelpe oss med å klarlegge omfanget av skadene, seier rektoren.

Flatt tak

Representantar frå Hareid kommune og frå Hareid brannvesen er også tilstades i skulebygget.

Lekkasjane er konsentrerte til eit kvartal midt i hovedbygget på skulen, der taket er opphøgd.

Heile taket på bygningsmassen har flat konstruksjon, i utgangspunktet ein krevjande konstruksjonstype.

Rektor opplyser til smp.no at det har vore taklekkasje ved skulen fleire gonger tidlegare, men aldri tidlegare så gale som denne gongen.

Truleg kostbart

Det har vore arbeidd på taket den siste tida, etter at bygningen lenge har vore moden for reparasjon. Denne jobben skulle vore ferdig fredag, men firmaet har varsla at dei trengde meir tid, ifølgje avisa.

Skadane vil truleg vere svært kostbare å utbetre, og rektoren trur alle tak innvendig og truleg ein del veggar må skiftast ut. Det er usikkert om det vert undervisning ved skulen allereie på måndag.

Oppdatert: Smp.no får opplyst at det ikkje er taket som lek, men toppdelen av ein vegg.