Arbeidsgjevaren til 23-åringen som er sikta for det groteske drapet på Bigset omtalar den sikta som ein positiv person som ville bort frå eit dårleg miljø, skriv VG.

Den sikta flytta frå Nordland til Sunnmøre for å jobbe på Ulstein Betong.

– Vi ønskte å hjelpe han, og ha han jobb gjennom eit bemanningsbyrå. Men så vart han borte. Det er forferdeleg å høyre kva som har skjedd, seier Vidar Moldskred, dagleg leiar i Ulstein Betong Utbygging, til avisa.

Valdsdømt

23-åringen som er sikta for forsettleg drap har vore involvert i fleire straffesaker tidlegare, skriv Avisa Nordland.

I september skal ei sak opp for Salten tingrett der mannen, som kjem frå Nordland, står tiltalt for knivtruslar, skriv avisa.

Den mistenkte, som er i 20-åra, er også tidlegare dømt for vald og for grovt tjuveri, ifølgje NRK.

Politiet på Sunnmøre har fått opplysningar om at den sikta trua avdøde med kniv før drapet. Fungerande politimester Ingar Bøen seier til Sunnmørsposten at dette skal ha skjedd dagen før.

25 polititenestemenn frå Sunnmøre og ni etterforskarar frå Kripos deltek i etterforskinga.

Søndag ettermiddag vil politiet går ut med fleire opplysningar.