Til neste møte i utdanningsutvalet tilrår fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik at idrettsfag vert lokalisert til Spjelkavik vidaregåande skule, og at fylkesrådmannen får fullmakt til å etablere eit aksjeselskap saman med Spjelkavik IL og andre aktuelle samarbeidspartnarar for utbygging og drift av ny storhall.

Saka går vidare til fylkesutval og fylkesting i desember.

Det er snakk om ein storhall med totalt tre handballbaner, og der fylkeskommunen pliktar seg til å bruke to av desse på dagtid.

Kostar 3,6 millionar

Fylkeskommunen vil få årlege utgifter som vil bestå av driftstilskot til aksjeselskapet på 1.453.294 kroner og kostnader for leige av areal til kroppsøving og idrettsfag på 2.163.800 kroner. Med andre ord årlege utgifter på 3.617.094 kroner.

Fylkesrådmannen skriv i saksutgreiinga at om det ikkje vert bygt storhall, vil det vere naudsynt med ekstra areal til kroppsøving og idrettsfag ved Spjelkavik vgs og eventuelt Fagerlia vgs.

Dei årlege kostnadene med eit samarbeidsprosjekt er lågare enn om ein skulle byggje hall sjølve.

Får hjelp

Det går fram av sak at for at Spjelkavik IL skal kunne oppfylle sine økonomiske plikter, har idrettslaget fått fråsegn frå fleire aktørar om støtte til å dekkje kostnader knytt til investering  og drift. Selskapa det gjeld vil støtte idrettslaget med minst ein million kroner årleg i drifts- og investeringskostnader.

Frigjer areal

Fylkesrådmannen peikar også på at ved å velje Spjelkavik for lokalisering, frigjer ein mykje areal på dei fylkeskommunale tomtene i Fagerlia og Spjelkavik som kan nyttast til ytterlegare utvidingar etter 2040, eller tidlegare om prognosane om elevtalsvekst skulle vere for låge.